Klassequizen 2017 er i gang

Høyanger skule, Eid skule og Sande skule i Gaular har vore først ute i årets utgåve av spørjetevlinga for tiandeklassingar.

Sande skule

FØRST UTE: Sande skule i Gaular var den første skulen i Klassequizen 2017. Frå v. Karita Søgnen Haugsbø, Elise Lervik og Thomas Takle Henriksen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– No har eg allereie besøkt tre skular, og både Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, seier klassequizgeneral Aleksander Åsnes.

Til saman skal han besøke 36 skular i heile fylket, og treffe dei smartaste tiandeklassingane på sitt trinn. Kvar skule er representert av tre elevar, og begge kjønn skal vere med på laget.

– Eg er imponert over kor mykje tiandeklassingane kan. Mange av spørsmåla er ganske vanskelege, men allereie har vi jo hatt ein skule som har klart alle spørsmåla.

Resultata så langt:

  1. Eid ungdomsskule 12 poeng
  2. Høyanger skule 9 poeng
  3. Sande skule: 8 poeng

Det er mogleg å få 12 poeng.

Full pott på Eid

På Eid ungdomsskule fekk nemleg elevane Ivar Engeland, Trond Løviknes og Sunniva Flaten Brekke full pott då dei var med onsdag.

Aleksander Åsnes

REISANDE ALEKSANDER: Aleksander Åsnes skal vitje dei fleste krikar og kroker i Sogn og Fjordane på reisa rundt på Klassequizen 2017.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– No trur eg i alle fall vi er sikre på å kome med i finalen, sa Ivar Engeland etter at quizen var ferdig.

Høyr sendinga frå Eid her:

På Sande skule enda elevane opp med ni poeng, men dei var fornøgde med det og.

– Det kunne jo gått endå betre, men eg er ganske fornøgd, sa Karita Søgnen Haugsbø.

Deltakarar på Klassequizen i Vågsøy

SPENTE: Deltakarane på Vågsøy ungdomsskule var spente før dei skulle vere med på Klassequizen. Korleis det gjekk med dei kan du høyre i morgonsending torsdag 12. januar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Høyanger skule var endå eit strå kvassare enn Sande, og klarte å kare med seg ni poeng.

Reiser rundt i heile fylket

Og dette er berre starten på ein lang turné for quizmaster Aleksander Åsnes. Først måndag 20. mars er han ferdig med den innleiande runden. Då står skule nummer 36, Førde ungdomsskule, for tur.

– Når eg er ferdig med Klassequizen har eg vore i alle kommunane i fylket, og eg har nok heilt sikkert fått sett nokre plassar som eg ikkje har sett før, seier Åsnes.

Før den tid har han vore mellom anna på Stadlandet i nordvest, Byrknesøy i sørvest, Hornindal i nordaust og i Øvre Årdal i søraust. Det er berre nokre få ungdomsskular i Sogn og Fjordane som ikkje er med denne gongen.

Som tidlegare år blir det sluttspel mellom dei laga som får flest poeng. Alle laga skal tippe vekta på ein hemmeleg gjenstand Aleksander har med seg. Står to lag likt, vil laget som er nærast rett vekt gå framfor når det skal avgjerast kva lag som skal vere med i sluttspelet.

Pengar i klassekassa

Fylkesvinnaren får 5000 kroner til klassekassa, i tillegg betalar NRK tur og opphald for laget og læraren når landsfinalen skal avviklast i Oslo i mai. Dei laga frå Sogn og Fjordane som har vore der fortel om veldig kjekke dagar, sjølv om ingen av dei har nådd heilt opp i konkurransen.

I fjor var det Førde ungdomsskule som representerte Sogn og Fjordane i landsfinalen, som vart send på TV, på NRK1.

I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.
Ferjer som ikkje går når dei skal, er dessverre eit ikkje ukjent fenomen her på Vestlandet. 
På E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord var det over 100 innstilte avgangar i fjor. Og for nokon kan ei innstilte ferje få alvorlege konsekvensar.
Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.