Hopp til innhold

Vann naboduellen i Klassequizen

- Det er viktigast å slå Viksdalen, slo Trym, Emil og Elias fast før deltakinga i Klassequizen. Og med sju poeng tok Sande skule skalpen på naboskulen i Viksdalen.

Klassequizen Sande skule

TOK 7 POENG: Trym Erlend Eriksen Høgelid, Emil Flølo Laukeland og Elias Øvretveit Larsen representerte Sande skule i Klassequizen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag var det Gaular som sto for tur, då Klassequizen og NRK besøkte Sande skule og Viksdalen skule.

Fyrst ut var Trym Erlend Eriksen Høgelid, Emil Flølo Laukeland og Elias Øvretveit Larsen, som skulle forsvare æra til Sande skule.

Og det var ikkje kun Viksdalen dei hadde ambisjonar om å slå før quizrunden.

- Vi skal iallefall vinne Sogn og Fjordane, så får vi sjå, smilte dei lurt.

Ein trøblete start

Trym, Emil og Elias sat for anledninga inne på helsesøster sitt kontor og difor passa det godt at «blod» var første kategorien.

Ein kategori som viste seg å ikkje vere så lett.

Her enda dei opp med eitt poeng av fire moglege, etter å ha mellom anna bomma på kva som får blodet til å koagulere.

I dei to neste kategoriane, «A» og «tal» gjekk det derimot mykje betre.

Her tok dei tre poeng i kvar kategori og enda difor på sju poeng totalt.

Trass i god innsats, var dei tre gutane litt fåmælte:

- Vi hadde håpa på litt fleire poeng. Det var vanskelege spørsmål. Spesielt kategorien «blod».

- Eg trudde vi kunne meir enn dette, det var litt for gale det her.

Men kanskje var sju av tolv poeng nok i den lokale naboduellen?

Bomma på elvar

På Viksdalen skule var stemningen spent før det var deira tur.

- Vi skal prøve så godt vi kan. Målet er å få ein god del poeng og gå vidare, fortalde Sindre Befring Hage, Joakim Isaksen og Idar Viken før dei skulle i aksjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klassequiz på Viksdalen skule

TOK 5 POENG: Idar Viken, Joakim Isaksen og Sindre Befring Hage på Viksdalen skule var litt skuffa etter quizen var over.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men det gjekk litt trått i starten også for Viksdalen skule. Dei trakk fyrst kategorien «elv», men klarte ingen av spørsmål og difor null poeng.

I den neste kategorien «dyr» kom dei sterkt tilbake. Her plukka dei med seg tre av fire moglege poeng.

I tredje kategori, «fisk», var dei såpass varme i trøya at dei var ferdig med å svare før tidsfristen på 45 sekund var over.

Men kanskje var dei for snare. Dei plukka to poeng og dermed enda dei på totalt fem poeng.

Etterpå sukka dei tre karane tungt.

- Den verste kategorien å bomme på var elvane. Det var litt surt å få null poeng på den kategorien. Det stod litt stille, smilte dei tappert.

Og om å tape naboduellen mot Sande skule hadde dei fylgjande å sei:

- På Sande kosa dei seg sikkert og ler!

Trio framleis på topp

Det betyr at det framleis er Kvåle skule i Sogndal, Farnes skule i Årdal og Vassenden skule i Jølster som ligg best an i Sogn og Fjordane.

Dei har alle sanka ti av tolv poeng. I alt 27 skular konkurrerar om å gå vidare til den nasjonale finalen som skal arrangerast i Oslo.

Spørsmåla Sande skule fekk

Kategori 1, blod

1) Kva er det som får blodet til å koagulere? Rett svar: Blodplater.

2) Kva heiter faren til Kong Olav? Rett svar: Haakon.

3) Kva er eit anna namn på sjukdommen leukemi? Rett svar: Blodkreft.

4) Det er fire stader i Sogn og Fjordane der du kan gi blod, og der det er ope minst to gonger i veka. Tre av dei er Førde, Lærdal og Nordfjordeid. Kva er den fjerde? Rett svar: Florø.

Kategori 2, A

1) I kva land er Jerevan hovudstad? Rett svar: Armenia.

2) Kva for eit kjemisk symbol har grunnstoffet gull? Rett svar: Au.

3) Kven av desse politikarane høyrer ikkje til i Arbeiderpartiet? Jonas Gahr Støre, Inga Marte Thorkildsen eller Trond Giske? Rett svar: Inga Marte Thorkildsen.

4) Arvid Andenæs er eit kjend namn i Sogn og Fjordane. I kva selskap er han sjef? Rett svar: Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kategori 3, tal

1) Kor mange nullar er det i ein milliard? Rett svar: 9

2) Kor mange ruterkort er det i ein kortstokk? Rett svar: 13

4) Kven av desse var ein kjent norsk matematikar? Nils Henrik Abel, Niels Bohr eller Halvdan Koht? Rett svar: Nils Henrik Abel.

4) Kor mange fjelltoppar over 2000 meter over havet fins det i Sogn og Fjordane? Rett svar: 55.

Spørsmåla Viksdalen skule fekk

Kategori 1, elv

1) Kva heiter den lengste elva i Europa? Rett svar: Volga.

2) I kva fylke renn Glomma ut i havet? Rett svar: Østfold.

3) Kva heiter den kvinnelige artisten frå Rogaland som var med i tv-programmet "Hver gang vi møtes", og hadde ein hit med "Egypt Song"? Rett svar: Elvira Nikolaisen.

4) Kva for ei stor lakseelv i fylket har blitt behandla med rotenon og aluminium for å kome lakseparasitten Gyrodactylus salaris til livs? Rett svar: Lærdalselvi.

Kategori 2, dyr

1) Kva slags dyr er ein chihuahua? Rett svar: Hund.

2) Kva dyr er pinnekjøt laga av? Rett svar: Sau.

3) I kva land blir bilen Rolls-Royce laga? Rett svar: Storbritannia.

4) Den 15. juni 2008 blei det skote eit dyr på Vetlebreen i Fjærland. Kva slags dyr var det? Rett svar: Bjørn.

Kategori 3, fisk

1) Kva er verdas største fisk? Rett svar: Kvalhai.

2 ) Kva for eit fangsredskap fanger mest fisk? Rett svar: Trål.

3) Kva heiter britane sin klassiske matrett som du kan få servert i avispapir? Rett svar: Fish and chips.

4) I Bulandet er dei redde for framtida på grunn av nye reglar for fiske etter et bestem fiskeslag. Kva fiskeslag er det? Rett svar: Sei.