Hopp til innhold

Klarte det arrangøren ikkje trudde

Med ei sleip og tøff løype torte ikkje arrangøren å håpe på ny bestetid. Det var før ein 27 år gamal utflytta sogning klinte til i løypa.

Øyvind Heiberg Sundby

VANN IGJEN: Øyvind Heiberg Sundby vann også i år Molden Opp.

Foto: Molden Opp

Regn i forkant gjorde sitt til at traseen til Molden Opp vart både våt og sleip.

Løpsleiar John Ingar Bukve hadde difor lagt forhåpningane om ny bestetid langt vekk før startskotet gjekk laurdag føremiddag.

- Løypa vart mykje tøffare enn i fjor fordi det vart både blautt og sleipt. Så noko bestetid hadde vi på ingen måte håpa på, seier løpsleiaren.

Arrangert for andre gong

Molden Opp er eit av mange motbakkeløp i Norge. Det vart for første gong arrangert i fjor og ser no ut til å bli eit årleg arrangement i Luster.

Løpet går frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og like opp til Molden som ligg heile 1116 meter over havet. Løypa er på omlag 7 kilometer og er ifølgje arrangøren svært variert. Både med omsyn til underlag og stigningsprosent.

Slo bestetida med 14 sekund

Det våte vêret har dei siste dagane sett sitt preg på løypa og noko ny rekord var det få som hadde tru på.

Men det var før motbakkeløparen Øyvind Heiberg Sundby sette ut frå start i eit rasande tempo. Heiberg Sundby er opphavleg frå Leikanger, men representerer no IK Tjalve.

I fjor sprang han over målstreken med tida 50:23, og i år skulle det gå endå raskare.

- Eg hadde håp om å kome under 50 minutt, men det var ei mykje tyngre løype og meir trått føre fordi det var så vått, fortel vinnaren.

Sjølv kor vått og sleipt det var kom 27-åringen seg til toppen raskare enn nokon hadde trudd på førehand. I einsam majestet kryssa han mållinja på toppen til tida 50:09 – 14 sekund raskare enn i fjor.

- Med dei forholda som var må eg seie at eg er veldig godt nøgd med den tida, seier Heiberg Sunde til NRK.no.

Nesten ny rekord på damesida

Også på damesida var det ein sterk vinnarprestasjon. May Britt Buer frå Gular var beste dame i fjor og hadde ikkje tenkt å gje frå seg tittelen i år heller. Ho kom i mål etter 59:34.

Det er berre 29 sekund svakare enn løpsrekorden ho sette for kvinner i fjor.

- Dette er sterke prestasjonar med det føret vi hadde, så eg er veldig imponert over dei to vinnarane. Dei fleste andre som sprang på tid kom inn med tider som var to til tre minutt svakare enn det dei gjorde i fjor, seier løpsleiar Bukve.

Til saman var det vel 550 som deltok i trimklassa, der 750 stilte til start i fjor. I konkurranseklassa var 127 som fullførte, noko som er litt fleire enn i fjor.

- Vêret hadde nok sitt å seie for at det ikkje kom så mange som i fjor i trimklassa. Men vi håpar på betre vêr til neste år, seier Bukve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Molden Opp 2011

TJUKT I FOLK: 550 var med i trimklassen, medan 127 sprang opp Molden Opp på tid.

Foto: Molden Opp

- Neste år skal tida ned på 48 minutt

Etter to år med motbakkeløp i Luster trur han no at det er på veg til å bli ein tradisjon.

- Dette er moro! Til neste år vil vi søke om at Molden Opp får bli ein del av Norgescupen, så dette blir nok eit løp også i åra framover, seier Bukve.

Og 27-åringen som kan skilte med å vere bestemann to år på rad på Molden Opp, han har ikkje tenkt å la bestetida si bli ståande lenge.

- Eg kjem attende allereie neste år, og då er målet å kome ned i 48-49 minutt. Det trur eg skal gå på ein god dag med gode forhold, seier Heiberg Sunde.

PS: Mellom kjende namn på resultatlista finn ein leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen. Han kom i mål med tida 1:08:58.