NRK Meny
Normal

No er han klar for tre nye konsertar

I sommar er det klart for tre Luttkonsertar i Sogn og Fjordane. Det blir både SommarLutt, PolkaLutt og til slutt ein KlassiskLutt. Alle konsertane med artistar frå trivselsfylket på scena.

Stian Sjursen Takle

VIL VISE FRAM BREIDDA: Er det prosjektleiar og programleiar Stian Sjursen Takle i Luttredaksjonen har som mål. Biletet er frå JuleLutt som vart arrangert på Hydro i Høyanger.

Sommarkonsertane er ein viktig del av NRK Sogn og Fjordane si satsing på musikk frå fylket. Sidan prosjektet starta for ti år sidan er det arrangert ei rekkje større og mindre direktesende konsertar.

I sommar blir det Luster, Eid og Gloppen som får besøk av Luttredaksjonen.

Vil skape nye arrangement

– Vi ønskjer heile tida å utvikle Lutt, skape nye arrangement og vise fram breidda i musikklivet i Sogn og Fjordane, seier prosjektleiar og programleiar Stian Sjursen Takle og held fram:

– Difor har vi i år bestemt oss for å lage både PolkaLutt 5. august saman med den store landsfestivalen i gammaldans i Luster, og ein eigen KlassiskLutt 2. september saman med Gloppen musikkfest.

nrwy

NRWY: Er eit sterkt liveband som i sommar står på scena under NRK SommarLutt.

Foto: Pressefoto

Unge og lovande artistar

I See Rivers

LIVERPOOL: Dei tre jentene i I See Rivers studerer alle no på Lipa i Liverpool.

Foto: Pressefoto
Kjartan Lauritzen

FRÅ BALESTRAND: Kjartan Lauritzen leverer eksplosive, energiske og underhaldande show live. I sommar står han på scena under NRK SommarLutt.

Foto: Pressefoto

I tillegg blir det også i år NRK SommarLutt 22. juli, direkte frå Malakoff Rockfestival på Eid.

Her vart det i dag klart at du får oppleve både Tina Refsnes, nrwy, Kjartan Lauritzen, Michael Kildal, I See Rivers og Indigo Child på scena.

– Årets program er fantastisk spennande med unge og lovande artistar som vi trur vil prege musikklandskapet i tida framover. Nokre av dei har alt gjort seg kjende på eit nasjonalt nivå. Her vil publikum få servert musikksjangrar som rap, rock, pop og folk. Vi spår ei strålande konsertoppleving på Nordfjordeid, seier sjef for Malakoff Rockfestival Arnt-Ivar Naustdal.

Hela i taket med PolkaLutt

Fjorten dagar seinare er det klart for ein heilt ny Luttkonsert. I Luster skal Gamlebanken Spelemannslag og Jostedal Spel- og Dansarlag arrangere den store Landsfestivalen i Gammaldansmusikk.

Her kan ein mellom anna gle seg til PolkaLutt frå livescena i Parken.

– Vi er veldig glade for å samarbeide med NRK Lutt. Landsfestivalen i gammaldansmusikk feirar 30 årsjubileum i år, og då er det stas å kunne dele noko av festivalstemninga og musikken med alle lyttarane, seier Synnøve Bjørset som er festivalsjef for Landsfestivalen i Gaupne.

– Vi har svært mange gode utøvarar i fylket, og kan vere stolte over eit aktivt og høgst vitalt gamaldansmiljø. Dessutan vert det veldig kjekt å ønskje velkomen gjester frå fjern og nær, seier ho.

Klassiske perler

Ein månad seinare skal Lutt for første gong lage ein eigen klassisk konsert. Tidlegare har ein arrangert konsert med Kringkastingsorkestret, men då som ein blanda konsert med både klassisk og pop.

Denne gongen får du oppleve både kulturskuleelvar, unge klassiske solistar og profesjonelle musikarar frå fylket i samspel med festivalmusikarar.

– Vi gler oss sjølvsagt til dette samarbeidet med NRK, og set pris på at denne sjangeren også får plass i Lutt-prosjektet, seier festivalsjef i Gloppen Musikkfest Hanne B. Oftedal.

Tina Førde Refsnes

A-LISTA: Tina Førde Refsnes har blitt A-lista i NRKP1 og har gjort ei mengde med store og små konsertar.

Foto: Pressefoto

Michael Kildal

MED BAND: Rapparen Michael Kildal frå Florø tek med seg band når han skal spele på NRK SommarLutt.

Foto: Marte Kittang

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.