Hopp til innhold

Klart for tidenes satsing i Stryn

Kapitalutviding og kontraktsignering. No går det i raske steg mot gondolbane i Loen.

Gondolbane til Hoven i Loen.
Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

Det er bodskapen i ei pressemelding frå Hoven Loen AS.

– Dette betyr eit viktig og langt steg framover. Vi har planlagt og starta opp ein del av delprosjekta i hovudprosjektet langs med for å heile tida vere i tråd med målsetninga om opning av pendelbana i 2017, seier Alexandra-direktør Richard Grov.

– Viktig skritt vidare

Hotelldirektør ved Alexandra

HOTELLDIREKTØR: Richard Grov ved Alexandra Hotell vil ikkje kommentere den økonomiske situasjonen i prosjektet, men seier gondolbana i dag tek store steg mot realisering.

Foto: Silje Guddal / NRK

For på kveldens ekstraordinære generalforsamling vil noverande og dei fleste av dei framtidige aksjonærane vere til stades når selskapet vedtek kapitalauke.

I tillegg håpar dei å signere kontrakt med Doppelmayr Garaventa om bygging av gondolbana som skal frakte folk til Hoven 1 000 moh.

– Vi er meir og meir inn i anleggsfasen. Det vi gjer i dag er eit veldig viktig skritt vidare inn i full anleggsfase, med tanke på at Garaventa er hovudleverandør for bana og det teknisk operative utstyret, seier Grov.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK Vestlandsrevyen presenterte planane for ei pendelbane i Loen slik. Seinare har prislappen auka med 20 millionar kroner.

Gigantinvestering

Skogsstivegen til Opheimsætra er forlenga til toppen og ein er no klare til å starte tomtearbeidet på fjellet. Nede ved fjorden er tomta grovplanert og Grov seier at ein også er klar til å ta ut tomtene til fjordstasjonen.

Hoven

HER SKAL BANA GÅ: Biletet er tatt av styringsgruppa i dag, då dei inspiserte området der bana skal gå: opp frå Loen til fjellet Hoven.

Foto: Per Helge Bø / Privat

Hotelldirektøren har tidlegare skildra investeringa som den største i Stryn nokon gong, med ei nettoinvestering på 165 millionar kroner.

– 80 prosent av pengane skal gå til start- og endestasjon, opplevings- og informasjonssenter og ein restaurant på toppen. Resten går til markeringar av stiar, prepareringsutstyr og anna, sa Grov då.