NRK Meny
Normal

Klart for tidenes byggesatsing i Eid

NORDFJORDEID (NRK): Utbyggingar for ein milliard kroner blir starta opp i Eid kommune.

Nye Moengårde

UTBYGGING: Sjøfronten frå Moengården fram mot Normatic-bygget i framgrunnen er under utfylling. Her kjem kjøpesenter, leilegheiter og friområde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I løpet av 2016 og 2017 vil ein sjå det som kanskje er tidenes byggesatsing i Eid.

Berre i sjøfronten skal det brukast fleire hundre millionar i kjøpesenter, leilegheiter og offentleg friområde.

Satsar 200 millionar kroner

Ein av dei som satsar er Ivar Moen i Moengården. Saman med Coop Vest og kjøpesenterkjeda Amfi reiser ein i desse dagar fundamenta til 11 500 kvadratmeter med nytt butikkareal. Ved sida av vert det planlagt 50 leilegheiter.

For oss som har jobba bak skrivebordet med planlegginga, er det sjølvsagt kjekt å sjå at det no blir til. Vi har gjort eit grundig førearbeid og meiner sjølve dette er vel gjennomtenkt. Det er gledeleg at så mykje positivt no skjer i Eid, seier Moen.

Ivar Moen

NØGD: Til neste år opnar det største kjøpesenteret i distriktet. Ivar Moen har drive i bransjen sidan 80-talet, no blir det satsa større enn nokon gong.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lang liste over prosjekt:

Her er lista over nokre av dei viktigaste utbyggingsprosjekta i Eid kommune som er sett i gang, eller som blir starta i 2016/17.

  • Moengården Vest
  • Lefdal Mine Datacenter
  • Nytt friområde ved Eidsfjorden
  • Nytt omsorgssenter
  • Ny fleirbrukshall
  • Hogaåsen bustadfelt
  • E39 Hjelle–Nor bru
  • Ny hovudvassforsyning
  • Nytt bustadfelt Stårheim
  • Sosial bustadbygging
  • E39 Lote-Anda ombygging
Lefdal gruve

DATASENTER: Måløyverksemda Lefdal Mine Datacenter er i gang med utbygginga av det som kan bli Europas største datasenter. Fyrste byggesteg er kostnadsrekna til 250 millionar kroner, men det kan fort bli endå meir.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Teikn på optimisme

I Hogaåsen er grunnarbeidet til det største bustadfeltet som har vore utbygd på Nordfjordeid sidan 80-talet starta opp. Ordførar Alfred Bjørlo (V) seier det i fyrste omgang kjem 40 tomter, men feltet kan tredoblast.

– Det er ein fantastisk situasjon å sjå at så mange investeringar no losnar på ein gong. Det seier litt om optimisme og framtidstru, særleg fordi vi her snakkar om både private og offentlege investeringar.

Alfred Bjørlo

NØGD: Alfred Bjørlo håpar dette bustadfeltet raskt skal fyllast opp med nye innbyggarar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Byggebransjen merkar trykket

Totalt skal det den nærmaste tida byggast for ein milliard kroner. Det merkast i byggebransjen. Jarle Melheim er avdelingssjef for Caverion på Nordfjordeid og ser tydeleg at satsingane viser igjen på ordreboka, sjølv har verksemda fått tak i oppdraga med elektriske anlegg til omsorgssenter og ny fleirbrukshall.

– Eg har jo vore med ei stund, og særleg innan offentleg utbygging er dette av dei aller største tinga eg har sett på Nordfjordeid, seier Melheim.

Jarle Melheim

VINN OPPDRAG: Jarle Melheim i Caverion på Nordfjordeid har fått påfyll i ordreboka si.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Caverion har 40 tilsette på Nordfjordeid, og mange kjem no til å vere sysselsette i heimbygda.

– Vi merkar pågangen på å rekne prisar, og det er klart det er kjekt med oppdrag.

Kommunal risiko

Trass i at mange av nysatsingane er private, er Eid kommune inne i fleire av dei tyngre investeringane. Kommunen har alt i dag høg lånegjeld, no vil den vekse ytterlegare. Alfred Bjørlo fryktar likevel ikkje at kommuneøkonomien vert risikert:

– Ein risiko er det ved å investere, men det er òg ein risiko å sitje stille og ikkje gjere noko heller. Flyttestraumen går mot storbyane, om ein ikkje satsar i eit senter som Nordfjordeid er, så kan vi vere ille ute om nokre år.

Eid omsorgssenter byggetomt

OMSORGSSENTER: Nær 130 millionar kroner skal investerast i nytt omsorgssenter.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser