Hopp til innhold

Duka for «seks-poengkamp» - men det uroar Olsson lite

Sogndal-trenar Jonas Olsson brukar fint lite krefter på at Sogndal ligg tredje nedst på tabellen. Men det er vanskeleg å komme frå at det er ein «seks-poengkamp» når avsparket mellom Start og Sogndal går klokka 18.00.

Start-Sogndal
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Nei, nedrykk tenkjer eg ikkje på. Eg fokuserer på neste kamp og jobben vi skal gjere, seier Olsson.

Men om han vil eller ikkje, er det ei kjensgjerning at Sogndal berre har to lag under seg på tabellen. Start ligg to plassar over Sogndal med to poeng meir. Den av som stikk av med tre poeng i kveld, tek dermed eit solid jafs oppover på tabellen.

Dermed er begge lag gira på å få med seg tre poeng når dommaren bles av kampen på Sør Arena i kveld.

Desse spelar frå start på Sogndal:

Mathias Dyngeland, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Tom Söderberg, Hjörtur Valgardsson, Tonny Brochmann, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Helge Haugen, Ulrik Flo og Mahatma Otoo.

Kenneth Udjus, Bjørn Inge Utvik, Petter Strand, Christophe Psyché, Edward Ofere, Tim Andre Nilsen og Truls Hovland sit på innbytarbenken.

Laster innhold, vennligst vent..

Har tre strake tap bak seg

Og Olsson trur det er fullt mogleg at poenga blir med heim til Sogn, trass i at laget frå saftbygda ikkje har vunne ein einaste kamp sidan juni.

– Vi har hatt eit tøft kampskjema og har hatt tøffe bortekampar mot krevjande lag. Men presterer vi like bra som vi har gjort tidlegare, så tek vi poeng, seier Olsson.

Start har heller ikkje hatt hellet med seg dei siste kampane. Dei gule og svarte har også tre strake tap bak seg.

Start-kaptein og keeper Håkon Opdal fekk ein skade i låret på trening førre veke, og må sjå kveldens kamp frå benken. Men på bloggen sin legg han ikkje skjul på at Start no er klare for å snu den dårlege perioden dei har vore inne i.

– Når vi tek imot Sogndal, er det eit svolte Start som går på bana. Vi veit at det blir ein tøff kamp mot eit hardt kjempande lag, men vi er klare for å slåst, skriv Opdal.

Vil gjerne få syne seg fram i heimbyen

Sogndal-keeper, Kenneth Udjus, som er frå Kristiansand, legg ikkje skjul på at det blir tøft å møte Start på heimebane.

– Det er alltid utfordrande, seier Udjus, som sjølv om han ikkje har spelt for Start sidan han var utespelar som junior, innrømmer at det er spesielt å spele mot laget til heimbyen.

– Klart det er litt spesielt. Eg kjenner jo mange av gutane på Start, så litt ekstra er det jo, seier Udjus.

Keeperen er på utlån frå Lillestrøm, eit lån han gjekk med på for å få speletid etter å ha sete heile sesongen på benken. Førebels har han ikkje fått vise seg fram i Sogndal, noko han håpar han får sjansen til i dag.

– Eg kom ikkje hit for å slite benken. Eg er svolten som få, og håpar eg får sjansen i dag, seier Udjus.