Hopp til innhold

Ikkje alt gjekk etter planen då Fjellfolk skulle spelast inn..

Dei har hatt ein arbeidsdag heilt utanom det vanlege det siste halve året, Arve Uglum og Torje Bjellaas i NRK Sogn og Fjordane. For å få på plass opptak til TV-serien «Fjellfolk» har dei til og med velta på snøscooter.

Video 657d2392-6ace-456f-af76-808215a86a3f.png

Arve tek ein piruett på scooter

– Eg veit ikkje kva som skjedde, eg er van med at puddersvingar er noko av det kjekkaste ein kan drive på med, men han berre forsvann, seier Arve Uglum, mens han grev fram att snøscooteren frå snøen.

Journalist Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas har dei siste seks månadene vore travelt opptekne med å følgje fleire personar som har hobbyen eller levebrødet sitt i fjellet.

Slikt som skjer

Men turen på snøscooter er berre ein liten del av alt dei har delteke på. Dei har vore med på reindrift, fjellturar, padling og mykje anna moro. Og av og til skjær ting seg bitte litt … som på snøscooter.

– Når du er til fjells på scooter, så veltar du av og til. Det er mykje laussnø, så vi måtte nedpå, vi også, fortel Uglum.

Første gongen dei var ute på scooter med nokon reingjetarar, så hadde gjetarane teke opp veddemål om kor mange gonger dei kom til å velte.

– Den gongen velta vi ikkje ein einaste gong. Men innimellom blir det eit velt eller to. Plutseleg er du midt uti djup, djup laussnø. Då er det berre å måke og grave for å komme laus att, seier Uglum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve og Torje

LYSTPREGA: – Det er jo dette vil aller helst vil drive med, seier f.v. Arve Uglum og Torje Bjellaas.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fotografen tok det litt meir med ro

For langt i det fjerne forsvinn det eit intervjuobjekt som ein helst skulle ha vore hakk i hel på.

– Då må det gjerast fort for å komme etter. Men slik er det når du er i fjellet, du kan ikkje ha hastverk. Slikt skjer, seier Uglum.
I den konkrete velten var fotograf Bjellaas hakket meir forsiktig.

– Eg såg kor vi skulle ned, og sa at «Eg går ned her, eg». Og du såg jo kva som skjedde, seier Bjellaas, og karane ler hjarteleg.

– Det var greitt at han som hadde alle kamera i sekken hadde vit til å komme seg av før det gjekk som det gjorde, smiler Uglum.

Eit litt spesielt halvår

Torje Bjellaas og Arve Uglum legg siste hand på verket. I kveld startar Fjellfolk, serien som skal fylle tomrommet på søndagskveldane etter Lars Monsen og gjengen hans i «Utan grenser».

Tre episodar er ferdige, den siste jobbar dei på spreng med.

I fire episodar skal vi følgje fire personar og ei familie som har hobbyen eller levebrødet sitt i fjellet.

Folk som ikkje kan klare seg utan den klåre lufta frå fjellheimen, dei rå synsinntrykka og den gode stilla.

Dei to karane legg ikkje skjul på at dei har eit hektisk, men innhaldsrikt halvår bak seg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video f32675e9-0c96-4bc1-afc5-5537884aae83.png

Arve Uglum og Torje Bjellaas om Fjellfolk

Har vore med i kvardagen

– Vi har vore griseheldige som har fått jobbe med dette. Det har vore mange og lange dagar, men vi har fått utruleg mange kjekke dagar i fjellet, på fjorden og på breen. Vi har fått fanga utruleg mykje flott friluftsliv på film, seier Uglum.

TV-serien er spelt inn frå seinsommar til vinter, i Jotunheimen, i Jostedalen og rundt Sogndal.

– Vi har vore med på kvardagen deira. Om det har vore i 25 minus blant reinsdyr oppe på Hemsedalsfjellet, eller på ei hytte i hjarte av Jotunheimen. Vi har fått komme tett på mange spennande folk og deira spennande arbeidsdagar, seier Bjellaas.

– Du tenkjer eigentleg ikkje på det som arbeid der og då. Det er dette vi har lyst til å drive med, seier Uglum.

Fjellfolka som du kan følgje dei neste fire søndagane er:

  • Kjell Nyøygard (41) – reingjetar, fjellførar og jeger med ein ektefølt kjærleik til Jotunheimen og heimefjella sin i Lom. Kjell har vore 800 gonger på Galdhøpiggen, og håpar å nå 1000.
  • Sigrid Henjum (28) – kajakkpadlar, klatrar, skiløpar og eventyrar. Trivst best der det er kaldt, bratt, høgt og luftig.
  • Solbjørg Kvålshaugen (46) – er vertinne på turisthytta Fondsbu på Eidsbugarden.
  • Andreas Haslestad (38) – ein av landets mest etterspurde førar på fjell, snø og bre. Familiefar som prøver å vere ein god pappa midt oppi eit omflakkande tilvære.
  • Familien Krüger/Getsch – Ralph (40), Katja (38), Ronja (10) og Svenja (4) har flytta til Norge frå Tyskland på leit etter frisk luft og det gode liv.

Premiere på NRK1 søndag 12. februar kl. 20.15:

Episode 1: Bli med Sigrid, Solbjørg, Andreas, Kjell, Ralph, Katja, Svenja og Ronja frå bading i eit iskaldt brevatn til toppen av Jostedalsbreen via fjellklatring, hjortejakt og grytene på Fondsbu.