Hopp til innhold

Klart for kristenskule i Fjaler

Med fire mot tre røyster gjekk formannskapet i Fjaler inn for å leige Hellevik skule ut til Fjaler Kristne Skule. – Det var eit vere eller ikkje vere for skulen. No vil eg takke politikarane for eit godt val på valdagen, jublar mannen bak skulen, Magnar Hellesøy.