NRK Meny

Klart for festival i Selje

Denne helga blir Sunnivafestivalen arrangert for første gong i Selje. Etter ein tung vinter der kommunen mista hotellet sitt i brann, har ein no laga til ein festival med underhaldning, god mat og historisk påfyll. I morgon er det fleire konsertar og ein stor utandørsmarknad i Selje, medan det søndag blir både historisk seminar og historiske vandringar til klosteret på Selja . – Eg trur faktisk at det at vi mista hotellet gjer at vi klarte å mobilisere så mange til å bidra og delta, seier festivalkoordinator Bettina Vick. Planen er at Sunnivafestivalen skal bli eit årleg arrangement.