Hopp til innhold

Brylkrem, utringa skjorte, og heftige hofter

Stikkorda i Måløy denne helga er brylkrem, utringa skjorte, heftige hoftebevegelsar, rock and roll og kongen sjølv: Det er tid for Elvis-Festival.

Isak Søraa på kyrkjetrappa til Sør-Vågsøy kyrkje

IMITERER ELVIS: Isak Søraa lovar god stemning i Måløy denne helga under Elvis-festivalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Isak Søraa har opptredd som Elvis mange gonger, og er ein av tre personar som er med å arrangere festivalen som går frå torsdag til laurdag. Ein svært engasjert Søraa møtte NRK i dag.

– Vi har eit kanonprogram, eit vanvittig program!

Heile programmet kan du finne her.

Nedst i saka kan du høyre heile møtet og eit par klassiske songar frå kongen.

Ekte hawaii-jenter

I gata kjem folk til å sjå Harley Davidson motorsyklar, amerikanske veteranbilar, og Hawaii-jenter som er ekte Hawaii-jenter, som er flydd inn frå – nettopp – Hawaii. Grunnen er at folk skal få lov til å kome på scenen å synge Elvis.

– På laurdag har vi barne-Elvis, og junior-Elvis, der unge folk kan få kome opp og synge sin versjon av Elvis. Det blir berre moro! Så har vi voksen-Elvis, der kriteriet er: Syng som Elvis!

Tiffany Roxanne Houston er halvt amerikansk, 18 år gamal og skal opptre med Elvis-songar på scenen. Enno yngre Celine Mork på 13 år skal også opptre.

– Eg har høyrt på han sidan barndomen, og eg har kjent Isak sidan eg gjekk i bleie. Det har kome inn med morsmjølka, seier Houston.

– Det kjem til å bli veldig gøy! Men det vert nytt og spanande å opptre som Elvis, det har eg ikkje gjort før, seier Mork.

– Det er råkult

Heartbreak Hotel, Blue suede shoes Hound dog, Don`t be cruel, Love me tender, Love me, All shook up, og Jailhouse rock. Det er berre nokre av klassikarane du garantert får høyre i Måløy i helga.

Og sentrum er rigga til Elvis-fest. Mellom anna er eit stort telt sett opp i sentrum, og norske og amerikanske flagg skal danne flaggborg bortover heile Gate 1 i Måløy.

– Dette er dugnadsånd! Vi er ein liten stad i vasskanten, der både lokalbefolkning og folk utanfrå skal ha det moro i to og ein halv dag, seier Isak Søraa.

– Vi har folk her som tek initiativ til noko utanom det vanlege. Det tykkjer eg er råkult, seier Houston!

Høyr heile praten med entusiastane i Måløy, og høyr to Elvis-klassikarar her!