NRK Meny
Normal

Klart for dansbart PolkaLutt frå Luster

For aller første gong er det på fredag klart for NRK Polkalutt. Blant anna gjer Honndalstausene comeback og sørger for dansbar stemning direkte både på radio og i nett-TV.

FØLG POLKA-LUTT DIREKTE: Frå klokka 15 sender NRK Sogn og Fjordane direkte i nett-TV. Du kan også høyre PolkaLutt i radiosendinga vår.

Det er under den store Landsfestivalen i gammaldans at festivalen og NRK i samarbeid inviterer til den første PolkaLutt i historia.

Fredag 5. august klokka 15 får du høyre artistar frå heile fylket spele opp på ein måte som garantert får det til å rykke i dansefoten.

Rett frå Malakoff

Kvart år reiser NRK Sogn og Fjordane rundt om i fylket og lagar til Lutt-konsertar. No kjem teamet direkte frå Malakoff Rockfestival, og er klare for å ta Parken i Gaupne med storm.

– Det er aller første gong Lutt-scena besøker Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Når festivalen no vert arrangert i fylket måtte me nytte sjansen, seier prosjektleiar for Lutt i NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle.

Jubileum og festivalstemning

– Me er veldig glade og stolte over å få vere ein av tre festivalar som får besøk i år. Landsfestivalen feirar 30-årsjubileum i år, og då er det stas å kunne dele noko av festivalstemninga og musikken med alle lyttarane, seier leiar for Landsfestivalen, Synnøve Bjørset.

Finn Tokvam

GJEST: Humoristen Finn Tokvam leiar jubileumskonserten Gaman i Gaupne når Landsfestivalen i år feirar 30 år.

Foto: Pressefoto

Direktesend og streama

PolkaLutt går føre seg på den flotte utandørsscena i Parken. Her vert det mogleg å setje seg ned og nyte musikken, eller ta seg ein svingom til fengjande musikk.

PolkaLutt vert direktesend på radio og streama på nett-tv, men sjølv om ein kan følgje med på konserten frå campingvogna oppmodar festivalleiaren alle om å møte opp.

– Det hadde vore utruleg moro om me hadde hatt fullt dansegolv under heile PolkaLutt og synt den gode stemninga Landsfestivalen har å by på, strålar ho.

Arve Bjørn Røneid

FINALESPEL: Arve Bjørn Røneid frå finalespeling i durspel senior. I år er med som arrangør og er aktiv både bak og på scena som deltakar.

Foto: Mari Skeie Ljones

Ringrevar og unge talent

– Me har svært mange gode utøvarar i fylket, og ekstra kjekt er det å ha ei så god blanding der både unge talent og gamle ringrevar spelar opp, fortel Synnøve Bjørset.

Artistane du får høyre i sendinga er:

  • Hafslobelgen
  • Helene Myklemyr/John Oddvar Kandal
  • To purke og ein gris
  • Arve Bjørn Røneid
  • Honndalstausene
  • Gaupne Syngjande Skule – eit prosjekt i regi av Arve Bjørn Røneid for 1.–4. klasse som i heile vinter har lært seg folkesongar frå Sogn.

Programleiar er musikksjef i NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle, og han får mellom anna besøk av humoristen Finn Tokvam som skal leie sjølve jubileumskonserten «Gaman i Gaupne» same kveld.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.