NRK Meny
Normal

Klart for Vestlandsutstillinga 2015

Laurdag opnar Vestlandsutstillinga 2015. Det skjer på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. 22 kunstnarar frå dei fire Vestlandsfylka er i ferd med å montere opp 18 verk i den eine salen i det nye museet.

Kurator Kjersti Solbakken og kunstnar Olve Sande frå Førde.

STILLER UT FOR FØRSTE GONG I HEIMBYEN: Kunstnar Olve Sande (30) frå Førde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det er veldig fint å få vere her. Det er første gong at stiller ut i Førde, etter å halde på med kunst ei god stund, seier Olve Sande.

30-åringen er opphavleg frå Førde, og ein av fire kunstnarar får fylket som i år stiller ut på Vestlandsutstillinga. Vi møter han i deg han er ferd med å henge opp sine bilete.

Litt skummelt

– Eg merkar at det er litt skummelt og, å skulle stille ut her samanlikna med andre plassar. Her dukkar gamle naboar opp, alle veit kven du er.

Vi møter han i det han er i ferd med å henge opp sine bilete. Bileta hans til utstillinga er basert på at han har bede folk han kjenner rundt om kring sende han måla på vindauga der dei bur.

– Her stoveglas, soveromsglas og kontorvindauge frå forskjellige folk eg har møtt.

Created by InfoDispatcher

Fotograf: Elias Engevik

Handlingens gang

Tittelen på Vestlandsutstillinga denne gongen er «Handlingens gang».

– Det var ein tittel som dukka opp eigentleg før alle verka kom med og var eigentleg tenkt som ein arbeidstittel. Men det er farleg med arbeidstitlar, dei har ein tendens til å bli verande, seier kurator Kjersti Solbakken.

Kjersti Solbakken, Anna Jonstad og Mei Szetu.

VESTLANDSUTSTILLINGA 2015: Kurator Kjersti Solbakken, Anna Jonstad i Sunnfjord kunstlag og koordinator for Vestlandsutstillinga Mei Szetu.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Utstillinga denne gongen handlar mykje om historieforteljing, om å skape og gjennskape historie. Kunstnarane som stiller ut denne gongen jobbar i ulik grad med nettopp historieforteljing.

– Utstillinga handlar dermed mykje om språk. Korleis vi brukar språk i forhold til objekt og materialar i kvardagen. «Handlingens gang» handlar eigentleg om korleis ting i kvardagen bidreg til den store historia. Historia som er individuell for oss alle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser