Hopp til innhold

Klart flest brannar i bratte tunnelar

Fire prosent av norske vegtunnelar står for nesten halvparten av tunnelbrannane - årsaka er bratt stigning, og det er stort sett tyngre køyretøy som tek fyr.

Terje (t.v.) og Jon Kenneth Nygård

RIKELEG MED STIGNING: Terje (t.v.) og Jon Kenneth Nygård i Nygård Transport på Stårheim er klare over faren for brann i bratte tunnelar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Felles for dei få, men farlege tunnelane er at dei har bratte stigningar anten før eller i tunnelane, seier Vegdirektoratet.

På Stårheim er Terje Nygård i Nygård Transport blitt meir tankefull etter tunnelbrannane i sommar. Selskapet er eigd av brørne Terje og Jon Kenneth Nygård, har vel ti tilsette og driv i hovudsak med transport for Felleskjøpet.

– Vi bør tenke litt over slike ting, det er vår eigen tryggleik det handlar om, og ikkje minst andre menneske, seier Terje Nygård.

Rett etter ein lang bratt bakke tok det denne veka fyr i ein buss i Gudvangatunnelen i Aurland. Tidlegare i sommar brann det også i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger.

Terje Nygård

– VÅR EIGEN TRYGGLEIK: Terje Nygård meiner yrkessjåførar bør tenke over faren for brann i tunnelar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nye krav i dag

Vegdirektoratet har gjort ei kartlegging som viser at over 40 prosent av tunnelbrannane i Norge skjer i berre fire prosent av tunnelane, seier Arild Petter Søvik, som er overingeniør i Vegdirektoratet.

– Det er tunnelar som har stigning, og då er det større køyretøy vi snakkar om i denne typen tunnelar.

Mange av dei farlegaste tunnelane ville aldri ha blitt bygd i dag. No er det nye krav om maksimalt fem prosent stigning, seier Søvik.

Men framleis må bilistane leve med tunnelar som har ein klart auka risiko for brann.

– Det gjeld undersjøiske tunnelar, men også landbaserte tunnelar opp mot fjellplatå.

– Også nye tunnelar for bratte

I Eid kommune står Nygård Transport sitt vogntog klart til å rulle av stad mot Trondheim. Bratte tunnelar er ein del av kvardagen for sjåførane til selskapet.

– Stigningar har vi rikeleg av, eg synest vi har fleire eksempel på nybygde, bratte tunnelar som kunne ha vore mykje flatare, seier Terje Nygård i Nygård Transport.

Eitt døme på relativt nye og bratte tunnelar er Ryfast i Rogaland, der det er nesten åtte prosent stigning på den eine sida og over sju prosent på den andre sida.