Hopp til innhold

Klart eg kan! leitar etter fleire born til fjernsynsserie

Kjenner du ein tøffing? Dokumentarserien til NRK Sogn og Fjordane Klart eg kan! treng fleire born som vågar å utfordre seg sjølv.

Norsk dokumentarserie.
Oda Bertine hoppar på ski og drøymer om å bli like god som pappa. For å bli det må ho hoppe i ein stor skibakke, men ho er redd for at ho ikkje tør å sette utfor og at ho skal slå seg.

KLART EG KAN: Oda Bertine Bondevik Lie frå Hafslo skal hoppe i femtenmetersbakken og får hjelp av far Vegard Bondevik Lie.

Dokumentarserien er i gang med sin femte sesong. Prosjektleiar Terje Gilleshammer leitar etter born som kan og har lyst å vere med i serien.

– Vi ønskjer fleire born og innspel på born som kan passe inn i serien, seier Gilleshammer.

Mot og meistring

Serien tar føre seg utfordringar som alle born kan kjenne seg att i. Borna møter ei utfordring om må takle mot til å møte den. Det har vore mykje av suksessen i dei tidlegare sesongane.

– Det at historiene til borna er ekte er viktig for at alle skal kunne kjenne seg att i historiene. Det at vi bidreg med ungar frå heile Vestlandet fører til at vi bidreg til å spegle også det som skjer utanfor dei store byane, seier Gilleshammer.

Må vere mellom 4–8 år

Men no leitar programskaparane etter nye born i alderen 4–8 år som kan vere med i serien.

– Det må vere ungar som skal klare noko. Gjerne kvardagslege ting. Ikkje alle treng hoppe i ein 15-metersbakke som ein av ungane gjer. I tidlegare episodar har vi sett born til dømes slutte med smokk, ein strikkar luer til heile fotballaget, ei lærer å symje, seier Gilleshammer.

Kjenner du nokon som kan passe inn, så ta kontakt med NRK Sogn og Fjordane på telefon 57 72 42 42, eller send ein epost til sf@nrk.no.

Klart eg kan 2014

PREMIEREFEST FOR 4. SESONG: Framme f.v.: Vemund, Tiril, Linn Zoey, Johan og Jakob Mathias. Bak f.v. produsent Karoline Eikenæs Berge, Oda Bertine, Tiril, Felix, Eirik og Olianna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK