Det blir ny sesong av Klart eg kan – no treng dei fleire modige barn.
Denne veka vart siste episode av Klart eg kan sesong fem sendt på NRK Super. Det betyr at ungar og vaksne over heile landet no har fått sjå 63 historiar om mot og meistring, dei fleste av dei med barn i frå Sogn og Fjordane.
– Sjølv om me har vore med på mykje trur me at det er nye spennade historier å fortelje, seier prosjektleiar Kjellun Lavik. Difor er me no i gang med opptak til ein ny sesong, og håpar folk vil hjelpa oss med tips til gode klart eg kan forteljingar.
Kvardagen er spennande
Klart eg kan er ein dokumentarserie som skildrar hendingar andre barn kan kjenne seg att i, ofte heilt kvardagslege ting. Men når ein skal gjere noko for første gong er det likevel spennande. Barna i serien er mellom 4-8 år, dei har eit mål dei vil oppnå, noko dei ynskjer å prøve, eller dei må meistre noko dei helst skulle ynskje dei slapp.
– Kanskje er det nokon som er litt redd for høgder, men som likevel vil klatre høgt opp, kanskje nokon må begynne å bruke briller og lurer på korleis det blir. Me skulle også gjerne komme i kontakt med nokon som skal lære seg å sykle utan støttehjul, eller ta ein operasjon.
– Me vil sjølvsagt også ha tips om heilt andre ting, det viktgaste er at det som skal skje gjer ungane spente og engasjerte, seier Kjellrun Lavik.
Har du tips til barn som skal oppleve noko spennande? Tips oss på sf@nrk.no. Og merk med Klart eg kan.