Hopp til innhold

Klart Bremanger-ja til vindkraft

Bremanger kommunestyre sa torsdag ja til alle dei tre aktuelle vindkraftutbyggingane i kommunen.

Bremanger kommunestyre - ordførar Karl Vidar Førde deler ut dokument

VINDKRAFTDOKUMENT: Ordførar Karl Vidar Førde deler ut dokument i saka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vedtaket om å seie ja til vindkraftparkane på Guleslettene og Hennøy var samrøystes, medan utbygginga på Bremangerlandet vart tilrådd med 18 mot fem røyster.

Tidlegare har Flora bystyre sagt ja til utbygginga på Guleslettene.

LES: Seier ja til 48 nye vindmøller

LES OGSÅ: Folk i Solund sa nei til vindmøller

(Artikkelen held frm under biletet).

Hennøy sett frå Hornelen

Ei av dei tre utbyggingane er Hennøy vindkraftverk på Marafjellet lengst til høgre på biletet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vestavind Kraft AS har søkt om konsesjon for Hennøy vindkraftverk på Marafjellet mellom Hennøystranda og Nesbø, med sju eller 11 vindmøller, ikkje langt frå området der steinbrotet til Bremanger Quarry alt har ført til store inngrep i landskapet.

Elkem Fornybar Energi AS og Zephyr AS har søkt om konsesjon for Guleslettene vindkraftverk, dels i Flora og dels i Bremanger kommune. Her er det snakk om 48 vindmøller.

Bremangerlandet Vindpark AS har søkt om konsesjon for ei utbygging i området mellom Steinfjellet og Oldeide på Bremangerlandet. Her er det søkt om å få byggje 26 vindmøller.

(Artikkelen held fram under biletet).

Guleslettene i Flora og Bremanger

Guleslettene, der det er søkt om å få byggje 48 vindmøller.

Foto: Zephyr AS

Senterpartiet røysta ja til alle tre utbyggingane, og gruppeleiar Anita Nybø meiner det er gode grunnar til det.

– Viktig for utviklinga

– Vi i Senterpartiet vil ha utbygging alle dei tre stadene fordi vi meiner dette er viktig for utviklinga i Bremanger. Det fører til gode og spennande arbeidsplassar, og så spelar sjølvsagt økonomien ein del.

– Bremanger får inntil 17 millionar kroner årleg i ti år framover dersom det blir noko av utbygginga, kor viktig var desse eigedomsskattmillionane?

– Det økonomiske spelar ei stor rolle, det gir veldig mykje til Bremanger, og det vil bidra til næringsutvikling og til at folk flytter heimatt til kommunen.

– Ikkje bra med konfliktfylt utbygging

Nina Grotle er varaordførar og gruppeleiar for Arbeidarpartiet. Ho var mellom dei fem som røysta nei til utbygginga på Bremangerlandet.

– Heilt frå valkampen starta i fjor har eg sagt at dersom det er eit konfliktfylt område så vil eg gå mot konsesjonssøknaden. På Bremangerlandet er det blitt konfliktar mellom grunneigarane. Det er ikkje bra i eit lite lokalsamfunn.

– Det er og fleire argument mot utbygging. Det er frykt blant grunneigarar for at det kan bli ei vidare utbygging vestover mot Grotle og Veten, og det er ikkje ynskjeleg. Det er heller ikkje avklart kvar kraftlinja skal gå. Det burde ha vore avklart før vi gjorde vedtak.

Tilhøyrarar på Bremanger kommunestyremøte

GLADE GRUNNEIGARAR: Grunneigarane på Guleslettene var mellom tilhøyrarane på kommunestyremøtet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Glade og letta grunneigarar

Ein som er veldig glad for det klare standpunktet til Bremanger kommunestyre er Øyvind Heimtun. Han er leiar for forhandlingsutvalet til grunneigarane på Guleslettene.

– Dette er ein gledens dag, ikkje berre for oss, men for heile Bremanger kommune. Vi har jobba med dette sidan 2006, og i dag kjenner eg at vi kan sleppe skuldrane litt ned. No er det opp til NVE å ta avgjerd.

– Kor gunstig er avtalen for grunneigarane?

– Avtalen er konfidensiell, men eg vil seie at avtalen er god. Vi er glade og letta.