Askvoll kommune klaga på godkjenninga av privatskulen i Holmedal, men i statsråd fredag vart denne klagen avvist, og dermed er alt klart for skulestart i august. Fylkesmannen har godkjent at skulen vert brukt slik han står i dag.
Skulen er godkjend med namnet Holmedal skule, men no har dei søkt om å få kalle den Holmedal Montessori-skule. Førebels ser det ut til at skulen får 21 elevar, og Losnegård er trygg på at den økonomiske biten skal gå bra.