NRK Meny
Normal

Klarer Sogndal å slå Tromsdalen?

I ettermiddag er det klart for 5. serierunde i 1. divisjon. Då møtast Sogndal og Tromsdalen på Fosshaugane. Du kan sjå kampen direkte i nett-TV.

Ulrik Flo

Vil Lars Grorud og resten av Sogndal vinne i dag? Det ser du i NRK sin nett-TV.

Foto: Rune Fossum / NRK

I følgje sogndalfotball.no er det dei mange måla som har prega tidlegare oppgjer mellom desse to laga. I snitt har det vore 4,3 mål i kvar kamp.

Har aldri tapt mot Tromsdalen

Dei har møtt kvarandre ni gonger tidlegare, og sist dei møtte kvarandre vart det 4-3-siger til Sogndal. Den største sigeren over laget frå nord kom i år 2000 då Sogndal vann 6-0. Statistikken viser 8 sigrar til Sogndal og ein uavgjort.

Sjå kampen i nett-TV

Vil Sogndal klare seg like bra i dag? Det kan du sjå klokka 16 i ettermiddag - direkte i NRK sin nett-TV. Arve Uglum kommenterer kampen.

Sogndal stiller sannsynlegvis med dette laget: Leciejewski - Solheim, Hovland, Grorud, P. E. Flo, Halvorsen, Elvis, Furebotn, Kader, Øren og Olsen.