Hopp til innhold

Fylkesleiaren har trøbla med å stille liste i heimkommunen

Lars Svein Drabløs slit på heimebane med å få folk til å stå på lista til Eid Frp.

Lars-Svein Drabløs

MÅ TA TAK: Det nye styret i Frp i Sogn og Fjordane må jobbe betre med rekrutterings, konstaterer fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi slit som alle andre parti. Det er ikkje enkelt å få folk til å engasjere seg, seier fylkesleiar Lars Svein Drabløs.

Regjeringspartiet Frp stiller lister i berre 10 kommunar i Sogn og Fjordane, mot 13 ved førre val.

Akkurat nok

No klarar heimkommunen til fylkesleiaren så vidt å kome i mål med nok listekandidatar.

– No har det vore ein del bråk i vår og det har heller ikkje vore veldig positivt for å verve folk til å stå på lista, seier Drabløs.

Årsaka til at 4 av 12 kandidatar har trekt seg frå lista er mellom anna jobbsituasjonen, får NRK opplyst. Med ei liste på 8 personar er dei ein frå minstekravet på 7.

– Eg vil ikkje seie det er så dramatisk at vi slit med å stille liste. Vi klarer å stille ei liste. Vi har hatt sju til åtte namn på lista heile tida, så det er ikkje nytt.

– Viser problemet

Redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet meiner det er uheldig at partiet fører opp kandidatar som sidan trekker seg.

Tormod Flatebø viser fram den nye nettsida til Fjordabladet

VISER PROBLEMET: Oppslutnaden om dei partia Venstre og Senterpartiet viser problemet for Frp, meiner Tormod Flatebø.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Partiet Høgre stiller med 23 listekandidatar, Senterpartiet og Venstre 35 og Ap si liste tel 26 kandidatar.

– Det kan ikkje bety noko anna når folk ikkje vil stille på lista deira at dei ikkje er fornøgde med politikken. At Venstre klarer å fylle med så mange namn utan at det er noko spesielt og det same for Senterpartiet seier vel noko om styreforholdet, seier Flatabø.

Fylkesleiaren i Frp meiner dei må byrje arbeidet med å rekruttere tidlegare.

– Eg skulle ønskt vi hadde gjort ein betre jobb med å rekruttere fleire folk i heile fylket. Det er ein jobb det nye styret vil ta fatt på, seier Drabløs.