Hopp til innhold

Klarer ikkje produsere nok juletre

Reiel Fagerlid har selt juletre i 35 år, men aldri før har etterspurnaden vore så stor som no.

Reiel Fagerlid i juletreskogen

BRANSJE I VEKST: Reiel Fagerlid klarer ikkje produsere nok juletre til å tilfredsstille marknaden i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Eg sel meir juletre enn eg klarer å dyrke fram, sjølv om eg har 200 tre kvart år, seier Fagerlid.

- I år har eg for sal også dei juletrea som er for små - og i tillegg har eg kjøpt inn juletre frå ein grossist i Rogaland, legg han til.

Fagerlid har i 35 år stått på torget i Måløy og selt juletre. No har han eigne dyrkingsfelt, der det tek mellom sju og ti år før eit juletre er klart for sal.

Marknaden er umetteleg

Ifølgje Nationen fryktar norske produsentar at det blir mangel på juletre i år.

- Marknaden er umetteleg. Vi får gode prisar og kunne ha selt mykje meir, seier Rønnaug Foss Alsvik i Norsk Juletreservice til avisa.

- Eg trur eg skal klare å selje rundt 400 tre. I år er fjelledelgrana ein ny type, den er robust - og den blir nok årets favoritt sjølv om prisen er litt høgare enn elles, seier Fagerlid til nrk.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reiel Fagerlid og juletre

KLAR FOR SESONGEN: Det er like før det brakar laust i juletreskogen til Reiel Fagerlid på Bryggja i Nordfjord.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Også manko på danske tre

Produksjon av juletre starta på 1960-talet, og utover 70- og 80-talet vart det eksperimentert med ulike artar edelgran og picea. Først på 90-talet vart det for alvor volum på produksjonen, med ei målretta satsing på fjelledelgran, nordmannsedelgran og vanleg gran.

I dag har over 90 prosent av alle norske husstandar tradisjon for å pynte eit tre til jul.

- Eg reknar med at rundt 60 prosent av trea som blir selde er edelgran, medan vanleg gran og andre tresortar står for resten, seier dagleg leiar Steinar Haugse i Norsk Pyntegrønt.

Sel om lag 1,7 millionar juletre

Haugse viser til at den kalde vinteren i fjor skapte store skader på juletre i Norge, Danmark og Nord-Tyskland. I år har kulda og snøen i Danmark gjort det vanskeleg å hogge og pakke trea som vert importerte til Norge.

- Dette reduserer det totale tilbodet av tre - som frå før var mindre enn etterspurnaden, seier han.

I 2008 gjorde mangelen på juletre at europeiske grossistar for alvor oppdaga det norske produksjonsmiljøet. Ifølgje Norsk Pyntegrønt vil det i 2010 bli eksportert om lag 140.000 norske juletre.

No er lønsemda i bransjen svært god. Totalt sel norske juletreprodusentar rundt 1,7 millionar tre i desember.