Hopp til innhold

Stor pågang av ungdom på helsestasjon - klarte ikkje hjelpe alle

Trass i svært små ressursar, klarte helsestasjonen i Førde å halde sommaropent på kveldstid for ungdom. Pågangen var likevel så stor at dei ikkje klarte hjelpe alle.

Lillian Vassbotten

STOR PÅGANG: Fagleg leiar på Helsestasjonen Lillian Vassbotten seier ungdommen set pris på tilbodet ved helsestasjonen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Fagleg leiar Lillian Vassbotten ved Helsestasjonen, seier sommaren har vore travel.

På grunn av ressursmangel har dei ikkje klart å hjelpe alle ungdomane som har kome til stasjonen.

– Det er ikkje alltid vi har nådd over alle i løpet av dei to timane vi har ope. Det er alltid ubehageleg å måtte avvise ungdommar som kjem med problem som kan vere alvorlege, seier ho.

Fulle hender

Helsestasjon for ungdom har gjennom skuleåret ope to timar kvar tysdag ettermiddag. Trass knappe ressursar klart dei også å halde ope gjennom sommarferien.

Dei to helsesøstrene og legen som var på jobb, hadde hendene fulle med å ta hand om ungdomar med ulike behov.

– Vi har det travelt sjølv om det er sommar. Det siste året har vi hatt ope om sommaren, for vi ser at behovet er stort mellom ungdommen når vi ikkje har teneste ved vidaregåande skule.

Prevensjon og psykososiale problem

Dei som brukar tilbodet er ungdom frå 15-16-årsalderen til dei som er 25, for det er opna opp for at også studentar kan komme innom.

– Ungdommen er veldig glad for at dei kan komme også om sommaren. Dei kjem for å få prevensjon og teste seg for seksuelt overførbare sjukdommar. Dei unge har blitt veldig flinke til å teste seg. Det skal dei ha ros for, seier Vassbotten.

Men det kan også vere psykososiale årsaker til at ungdommen treng hjelp. Og helsestasjonen er der for dei.

– Det kan vere at dei er trøytte og uopplagde eller slit med søvnvanskar. Andre kan ha utfordringar med angst, depresjon og krav til prestasjon.

– Er du uroa over at så mange tek turen til helsestasjonen?

Det er flott at dei har ein stad å komme. Ungdommen kan bli uroa for at dei kan bli sitjande utan eit tilbod når skulen er slutt og det er ein av grunnane til at vi har valt å halde ope, seier ho.

Stort behov

Helsestasjonen har klart å halde sommarope utan ekstra pengar. Vassbotten seier dei har måtte prioritere innan dei ressursane dei har.

– Korleis er det å snu på steinane for å få det til å gå i hop?

– De er alltid utfordrande og det er aldri kjekt å seie nei til nokon som treng hjelp. Vi kunne heilt sikkert hatt ope fleire kveldar når vi ser det store behovet som er der, men når pengane skal fordelast så ser vi at vi tapar, seier ho.