NRK Meny
Normal

Her er dei betre enn resten av landet på rask behandling av kreft

Kreftsjuke i Sogn og Fjordane får kjappare behandling enn elles i landet. For mange kan dette vere avgjerande.

Førde Sentralsjukehus

RASKARE ENN ELLES I LANDET: I Helse Førde viser tala at over 80 prosent av pasientane får behandling for lungekreft innan fristen,

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Helge Røyset

FEKK RASK HJELP: Helge Røyset fekk behandling før det hadde gått ti dagar.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

For tre år sidan lova regjeringa behandling innan 20 dagar etter at kreftdiagnosen var stilt. Men berre 40 prosent av dei med lungekreft kjem innanfor denne fristen på landsplan. For kreftsjuke Helge Røyset var kjapp behandling avgjerande.

– Eg har berre positive opplevingar. Eg er ved godt mot og eg blir frisk, seier han.

Er imponert over farten

Det pip i maskiner inne på eit behandlingsrom på kreftpoliklinikken på Førde sentralsjukehus. Helge Røyset sit i ein stol og sakte dryp det dropar av cellegift inn i kroppen hans som skal ta knekken på kreften.

Han fekk påvist sjukdomen like før jul i fjor og er imponert over farten på behandlingsopplegget som då vart sett i gong.

– Frå kreften blei oppdaga til eg var operert, gjekk det under ti dagar, fortel han.

Dei færraste held fristen

For tre år sidan lova regjeringa at 80 prosent av alle som får påvist kreft skal starte behandling innan 20 dagar. Helsedirektoratet viser no tal som syner at dei færraste klarer å halde denne fristen på landsplan.

For pasientar med bryst og tjukktarmskreft er det berre 58 prosent som startar behandling så tidleg. Av pasientar med lungekreft er det berre 40 prosent.

– Tyder på dårleg organisering

Finn Johan Halvorsen

HELD FRISTANE: Overlege Finn Johan Halvorsen i Helse Førde er kritisk til dei føretaka som ikkje klarer å halde fristen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Overlege Finn Johan Halvorsen i Helse Førde er kritisk til dei føretaka som ikkje klarer å halde fristen.

– Det tyder på dårleg organisering. Pasienten er jo der og det blir ikkje mindre å gjere om dei somlar, seier han.

For i Helse Førde klarer dei å tilby behandling innan 20 dagar til over 80 prosent av pasientane med lungekreft. Også for pasientar med bryst- og tjukktarmskreft er behandlingstida betre i Helse Førde enn elles i landet.

– Vi er få som driv med det, slik at vi har oversikt og kjenner alle pasientane. Når det gjeld pasientane som får cellegift her, har vi styringa heile vegen. Vi har ingen problem med å greie dette på tjue dagar, seier han.

Redda liv ved rask behandling

Ester Johanne Sande

- IKKJE BRA NOK: Ester Johanne Sande i brystkreftforeininga seier det må jobbast meir for at ventetida for kreftbehandling skal gå ned i Norge.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ester Johanne Sande i brystkreftforeininga i Sunnfjord meiner det er altfor dårleg at fleire ikkje held fristen som er sett.

– Det er ikkje bra nok. Det må satse mykje meir for at talet skal gå ned og pasientane kjem raskt til behandling. For kreft er ein skummel sjukdom. Den kan vekse og spreie seg. Ein reddar liv ved å komme raskt til behandling, seier ho.

For kreftsjuke helge Røyset var det viktig å få starta behandlinga raskt. Og han meiner dei som ikkje overheld fristen på behandling rett og slett må skjerpe seg.

– Det må vere tragisk å måtte ventemånadsvis om ein har fått ein diagnose. Det er for dårleg, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser