Hopp til innhold

Men ulven har alle fordelan i terrenget

Eit jaktlag på 25 personar er klare for å jakte ulv i Sogn. – Men vi treng tips frå folk dersom dei finn kadaver eller gjer andre observasjonar, seier Arve Aarhus som leiar fellingslaget.

Arve Aarhus

JAKTLAG KLARE TIL Å RYKKE UT: Med godt vêr og mykje folk til fjells håpar jaktlaget, med Arve Aarhus i spissen, på å få inn sikre observasjonar dersom folk ser ulven som er i Sogn.

Foto: Privat

– Vi er 25 personar, som prioriterer dette før andre ting i beitesesongen. Vi evnar å rykkje ut på kort varsel, etter behov, seier Arve Aarhus, leiar for fellingslaget.

I 2008 vart det oppretta eit såkalla fellingslag for store rovdyr i fylket etter skader på bufe av bjørn i 2008.

– Vi skal vere i stand til å rykkje ut på kort varsel når ting oppstår, når det er eit behov.

Jaktlaget var ute på leiting etter ulven som skal vere observert. Men førebels har ikkje felliingslaget sett spora av ulven.

Kan flytte seg over store områder raskt

– Dei store rovdyra flyttar seg over store avstandar på kort tid. Så vi er heilt avhengige av å ha ferske tips, slik at vi kan målretta innsatsen på eit aktuelt område.

Det er store område, det er gjeve tillating til felling etter at det er gjort observasjonar av ulv i Luster, Leikanger og Sogndal.

– No håpar de på observasjonar i helga?

– Det er ofte fleire folk ute i naturen i helgene. Både turgåarar og folk i sauenæringa som kan ha oftare tilsyn med sauene i helgene. Då er sjansen større for å oppdage noko, enten ulven, skadde eller drepne sauer, eller andre teikn på ulv.

Treng observasjonar raskt

Ettersom det er kjent at det er ein ulv i regionen håpar Aarhus at folk ikkje nølar med å melde inn observasjonar dei måtte gjere.

– Ring til kommunen, politiet, sauenæringa, Statens naturoppsyn, eller ring til oss. Det viktigaste er at vi får beskjed, seier fellingsleiaren.

Jaktlaget håpar på å få inn sikre observasjonar slik at dei finn ulven.

– Fylkesmannen har bestemt at det er fare for tap av småfe, og gjeve fellingsløyve. Vår oppgåve er å redusere skaderisikoen som dei store rovdyra utgjer. For å gjere jobben vår er vi avhengige av tips og ferske spor, seier Aarhus.

Men ulven har eit solid forsprang på jaktlaget både når det gjeld terreng og årstida.

– Det er krevjande på barmark, for vi har ikkje mykje å gå etter. Vinterstid med gode sporingsforhold på snø, er det atskilleg lettare.

Ulven har alle fordelar i terrenget

Aarhus meiner ulvane som kjem her vest er i stor grad slike som kjem på våren. Dei er fødde i fjor, og er ute for å leite etter ein eigen stad å vere eller leite etter artsfrendar.

– Dei er her sommarhalvåret og ikkje om vinteren. Dei er flyktige i våre strøk, og det gjer oppgåva vanskelegare enn om vi kunne gjort det med gode sporingsforhold om vinteren.

– Men vi nyttar dei moglegheitene vi har. Terrengforholda set nokre føringar for kvar det er sannsynleg at ein ulv som er observert vil bevege seg vidare i terrenget. Og ofte kjem ulvane tilbake til der dei har gjort skade på bufeet.