Hopp til innhold

Politiet: - Ein ulovleg aksjon som vi har som mål å avslutte

VEVRING (NRK): Politiet har som mål å avslutte den ulovlege aksjonen til Natur og Ungdom som aksjonerer mot gruvedrift i Vevring.

Gunnar Englund

KLAR TIL Å GRIPE INN: Innsatsleiar i politiet Gunnar Englund.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette er ein ulovleg aksjon, og politiet har som oppgåve avslutte aksjonen, seier Gunnar Englund, som er innsatsleiar for politiet.

15 aksjonistar frå Natur og Ungdom har tysdag sperra av vegen inn til Engebøfjellet i Naustdal, der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboringar. Blant aksjonistane som har lenka seg fast i Vevring i dag er Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

– Vi må ty til lenking for å få stoppa dette prosjektet. Vi har gjort alt vi kan for å stoppe det på lovleg vis, Skjoldvær.

Vil skape merksemd

Nordic Mining har fått løyve å drive gruvedrift etter mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring. Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd.

Nordic Mining har fått løyve til prøveboring. Det kan ikkje vi la skje og difor lenkar vi oss fast.

– Politiet som er på staden antydar vel no at det ikkje er sikkert at de får sitte ut dagen?

– Det er vel som forventa. Vi er fullt klar over at vi ikkje har lov til å sitte her. Samstundes så er det lovbrotet vi gjer berre småtteri mot den organiserte miljøkriminaliteten som vi meiner dette gruveprosjektet vil vere, seier Skjoldvær.

Aksjonistar i Vevring
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Set pris på aksjonistane

Det planlagde gruveprosjektet i den vesle Sunnfjord-bygda her høgst omstridd. Magnar Falkenstein, ein av innbyggarane i Vevring, er glad for støtte frå ungdommane.

– Eg tykkjer det er flott at vi har ungdom i Norge i dag som er villige til å ofre så mykje for denne viktige saka, seier Falkenstein.

– Kjem du til å lenke deg fast?

– Eg kjem nok til å lenke meg fast ja.

Magnar Falkenstein og Agnar Bøyum

VIL OGSÅ AKSJONERE: innbyggar i Vevring, Magnar Falkenstein t.v.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Rekognoserer

Førebels er politiet på plass i Vevring, men avventande enn så lenge.

– No er vi ute for å rekognosere, bli kjent med staden og planlegge kva vi skal gjere, seier Englund.

Politiet har fortløpande kontakt med både gruveselskap og aksjonistar. Englund held førebels korta tett til brystet når han blir spurt om dei kjem til å fjerne aksjonistane i dag.

– Vi får sjå kva som skjer i løpet av dagen.