Hopp til innhold

Belgisk siger i Førde

FØRDE (NRK): Dries van Gestel (Sport Vlaanderen-Baloise) frå Belgia vann første etappe av Tour des Fjords med målgang i Førde.

Dries van Gestel frå Belgia vann i Førde

Dries van Gestel var raskast av dei fire utbrytarane som gjorde opp om sigeren i Førde.

Du klør deg kanskje i hovudet og tenker «han har eg aldri høyrd om før». Det er ikkje så rart.

23-åringen frå Belgia har ingen store sigrar frå tidlegare i karrieren. Han var del av ei utbrytargruppe på fem mann som klarte å halde hovudfeltet bak seg heilt til mål. Favoritt Edvald Boasson Hagen enda lengre nede på lista og beste nordmann vart August Jensen frå Team Coop med sin sjetteplass.

Balestrand - Førde

BALESTRAND -FØRDE: Sjå glimt frå første etappe av Tour des Fjords.

Kjempesykkel og folkefest

I Dragsvik stod ein sykkel med hjul som er tre meter i diameter i dag tidleg. Langs heile løypa frå Balestrand til Førde har folk pynta til fest.

– Det har vore ein del utfordringar. Det er store dimensjonar, men vi har fått det til å henge saman. Hjula er tre meter i diameter, seier Gunnar Vedvik som står framfor den store gule sykkelen.

Tour des Fjords, kjempesykkel Dragsvik, Gunnar Vedvik

STOR: Gunnar Vedvik viser fram sykkelen som syklistane vil sjå når dei syklar forbi Dragsvik.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Onsdag ettermiddag skal proffsyklistane, med stjerna Edvald Boasson Hagen i spissen, frå Balestrand, over Gaularfjellet, rundt Jølstravatnet og inn til mål i Førde. Det er første av fem etappar under Tour des Fjords.

Og langs heile løypa har folk engasjert seg for å visa seg fram regionen til Norge og verda, under tidenes første proffritt i Sogn og Fjordane.

Tour des Fjords blir tekne imot av dette på Røyrvikfjellet

Sjå alle bilda frå folkefesten Tour des Fjords.

Foto: Oddmund Haugen / NRK
Skal vise seg fram for Tour des Fjords-syklistane

VANNSKI: Når syklistane kjem til Vassendene, kan dei vente seg vannski-show.

Til sals

Sykkelen i Dragsvik er bygd av Sogneprodukt og ASVO Vik. Etter at syklistane har passert vil dei selja sykkelen.

– Vi har håp om å auksjonera den vekk. Den er til sals, så det er berre å slenga inn eit bod, seier Vedvik, som ikkje vil røpa prisen.

Men dei er ikkje aleine om å ha pynta til sykkelfest. På Kreklingen Stadion i Balestrand har dei laga til ein stor sykkel i plast over store delar av bana som ein ser tydeleg frå fugleperspektiv.

Tour des Fjords, sykkel fotballbane Balestrand. Kreklingen Stadion

PYNT: Denne sykkelen prydar Kreklingen Stadion i Balestrand.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Og langs vegen i Vetlefjorden ser ein dette langs løypa.

Tour des Fjords, sykkel langs løypa.

I VEGKANTEN: Hjul med ti meter i diameter langs vegen, det møter syklistane i Ulvestadbakkane i Vetlefjorden.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Fleire har også delt bilde på Instagram, og her har du eit utval. Del dine bilde frå folkefesten med oss med emneknaggen #nrksf.