NRK Meny

– Glamping er glamorøs camping, ler Tobby Sander Tomasen frå Bergen.

Saman med ein gjen veninner har ho tatt turen til Gaular og operafestivalen på Åmot Operagard. Veninnegjengen har sikra seg alle dei seks «glampingtelta» som festivalen hadde å tilby, for operasgjester campar skjer med stil.

– Eg var her i fjor, og då budde eg i eit stabbur nede ved fjorden. Eg fekk god kontakt med dei på operagarden og Bergen Nasjonale Opera, og tenkte at til neste år, då vil eg bu i operagarden.

Som sagt så gjort, og etter ha reist standsmessig frå Bergen med «Faun», selskapsskipet til Christian Michelsen, er veninnene lare for operafest.

Tobby Sander Tomasen

KLAR FOR OPERAFESTIVAL: Tobby Sander Tomasen og veninnegjengen frå Bergen sikra seg alle «glampingtelta».

Foto: Åsta Urdal / NRK

–Vi reiste frå Bergen torsdag føremiddag, og har reiste sakte. Ein heilt fantastisk tur, seier Sander Tomasen.

Når NRK møter damene er dei akkurat i ferd med å flytte inn i telta.

– Det er berre heilt fantastisk, sjå seier Sander Tomasen, og lettar på teltduken for vise NRK sin utsende kor flott dei bur.

– Her ligg det roseblad og ei skikkeleg prinsessemadrass, og teltet er utstyrt med dei beste hotellshampooar.

Mimmi Goes Clamping på Åmot Operagard. Med "Sogn og Fjordane" av Aase / Losnegård.

Sjå dei flotte bileta og høyr den vakre songe frå Åmot Operagard.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser