Hopp til innhold

Klare for landsfinalen – no skal dei øve

FØRDE (NRK): Ingrid, Pål Erik og Jenny er dei smartaste tiandeklassingane i Sogn og Fjordane. Den neste månaden skal dei legge hovuda i bløyt for å bli endå smartare.

NRK SF: KlasseQuizen semifinale 2

– Det følast bra, rett og slett fordi vi vann. Det er ei god kjensle, seier tiandeklassing Pål Erik Flølo og får nikk frå sine to lagkameratar, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust.

Du kan sjå heile finalen (øvst i saka) og begge semifinalane (nedst i saka).

Slo Askvoll i finalen

Med 11 av 15 moglege poeng var det laget frå Førde ungdomsskule som vann fylkesfinalen i Klassequizen. Dei var først gjennom ein innleiande semifinale mot Sande skule.

Her fekk elevane frå Sande 9 av 12 poeng, medan førdianarane fekk 10 av 12. I den andre semifinalen møttest Askvoll skule og Flatbygdi skule, her vann Askvoll.

I finalen var det dermed Askvoll og Førde som skulle kjempe om sigeren i Sogn og Fjordane.

Her måtte dei bryne seg på spørsmål som mellom anna:

  • Når ein bil brukar i snitt 0,5 liter bensin pr. mil, kor langt kan han køyre når det er 45 liter på tanken?
  • Kva grunnstoff har det kjemiske symbolet Zn?
  • Kven skreiv teksten til "Blåmann, blåmann, bukken min"? A) Per Sivle, b) Arne Garborg, c) Aasmund Olavsson Vinje
  • Kva fylke grensar Sogn og Fjordane til? Eitt poeng per rett svar
Finalelaga i Klassequizen Sogn og Fjordane, Askvoll og Førde

FINALE: Det var Askvoll og Førde som møttest i fylkesfinalen i Klassequizen i Sogn og Fjordane. Laget frå Askvoll (t.v.) er: Eirik Ytrøy, Sigbjørn Sund, Kamilla Rivedal. Laget frå Førde (t.h) er: Pål Erik Flølo, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Grugler seg til finalen

Til slutt var det altså Førde som stakk av med sigeren. Dermed skal dei representere Sogn og Fjordane når alle fylkesvinnarane møtest til ein landsfinale i Oslo.

– Det blir spennande, men også ganske skummelt, seier Jenny.

– Kvifor det?

– Det blir sendt på TV, det er ein ting, og så er det også landsfinale, så det blir ganske stort, seier ho.

Vil heim å øve

Skal dei lukkast også i den nasjonale finalen har dei allereie lagt ein slags slagplan.

– Kanskje vi skal førebu oss litt meir enn vi har gjort no, seier dei.

– Kanskje avtale litt meir at dei tinga vi ikkje kan, kven av oss som skal lære seg det, seier Ingrid.

– Har de trua på Førde-siger?

– Det er mykje høgare nivå på nasjonalt nivå, men eg trur vi har sjansen. Vi vann her, seier Pål Erik.

Som vinnarar av fylkesfinalen fekk klassen deira ein sjekk på 5000 kroner.

KlasseQuizen 2016 i Sogn og Fjordane, semifinale 1
NRK sogn og fjordane: KlasseQuizen 2016, semifinale 2