Hopp til innhold

Klare for første skuledag på privatdriven skule

Dei siste ti åra har det vorte lagt ned nærare 300 grunnskular i Noreg. På Bryggja i Vågsøy vart løysinga at foreldra overtok drifta av skulen.

Styreleiar Solveig Midtbø og lærar Kim Cato Øvrelid Kolseth

KLARE TIL SKULESTART: Lærar Kim Cato Øvrelid Kolseth og styreleiar Solveig Midtbø inspierer klasserom før skulestart på nye Bryggja skule.

Foto: PRIVAT

36 elevar er klare for skulestart når privatdrivne Bryggja skule i dag opnar dørene for første gong.

– No er vi i mål. Det er heilt fantastisk, seier styreleiar Solveig Midtbø.

Mens det i skuleåret 2008–2009 var 3140 grunnskular i Noreg, er talet ti år seinare 2856, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Dei fleste skulane som blir lagde ned er små. Samtidig har det kom til 84 nye offentlege skular og 118 private. Det var i 2016 Vågsøy kommune bestemte at Bryggja skule skulle leggjast ned. I dag opnar skulen på ny – no som kristen privatskule.

– Stemninga er god i bygda og elevane ser fram til å begynne på skulen. Både elevar og foreldre har stilt på dugnadsarbeid, seier dagleg leiar Sverre Sollibakke.

Bryggja skule

NY DRIFT: Etter at gamle Bryggja skule blei lagt ned, opnar i dag dørene for den privat drift ved skulen. 36 elevar tek til ved skulen ved oppstart.

Foto: Vågsøy kommune

– Det har vore eit fantastisk engasjement frå bygda for å få skulen opp att slik han var før.

– Eit stort pluss

Sollibakke ser det som eit stort pluss for bygda å ha ein skule. Dei sju lærarane og to assistentane ved skulen kjem frå ulike stader i Nordfjord, og er i aldersspennet 25 til 50 år.

– Det er vi veldig fornøgde med. VI ønskjer både ny og erfaringsbasert kompetanse, seier styreleiar Solveig Midtbø.

Ho seier lærarane har gjort ein fantastisk innsats i førebuingane Skulen har ikkje rektor, men ein dagleg leiar. I det daglege er det inspektør og kontorpersonalet som skal vere til stades på skulen, i tillegg til lærarane.

Elevane er i stor grad elevar som tidlegare gjekk på gamle Bryggja skule. Dei 36 elevane er fordelte på alle klassetrinna frå 1. til 7. klasse.

Dugnadsinnsats

15. juni fekk Bryggja skule konsesjonen dei trong. 1. juli overtok dei skulebygget, som dei leiger av Vågsøy kommune.

– Det har vore ein hektisk august, seier Sollibakke.

Pause i dugnadsarbeidet ved Bryggja skule

PAUSE: Foreldre og lærarar har pause under i dugnadsarbeidet i helga. I dag opnar Bryggja skule.

Foto: PRIVAT

Både foreldre og born har hjelpt til i dugnadsarbeidet.

– Vi har friska opp skulen med nye fargar og gjort nødvendige innkjøp, fortel Midtbø.

Linda Kassen, Therese Solibakke og Anita Endestad

DUGNAD: Det ligg nokre dugnadstimar bak nye Bryggja skule. Her er Linda Kassen , Therese Solibakke og Anita Endestad i arbeid.

Foto: PRIVAT

Skulen er ein kristen privatskule og skal drivast etter læreplanane til den private skulen Danielsen. Styreleiaren seier dei faglege forskjellane frå den offentlege skulen er heller små.

– Spennande

Når elevane i dag møter opp på skulen, trur ikkje Sollibakke dei «gamle» elevane vil oppleve ein særleg stor overgang.+

– Det einaste dei vil merke, er at det er nye lærarar. Dei som har vore her før, vil kjenne seg godt igjen, seier han.

Både Midtbø og Sollibakke opplever begge at privatskulen har god støtte i bygda.

Geir Engdal og Betty Hessevik

FØREBUINGAR: Både foreldre, besteforeldre, lærarar og elvevar har delteke i førebuingane før den nye skulen opnar på Bryggja i dag. Her er Geir Engdal og Betty Hessevik i sving med vaskekosten.

Foto: PRIVAT

– Men det er jo aldri 100 prosent, nokon vil alltid vere ueinige. Men fleirtalet ønsker ein skule i bygda, seier Midtbø.