Hopp til innhold

Klare for å sparke i gang sesongen

Sogndalsspelarane bør ha respekt for Tromsø, men siger er absolutt ikkje utelukka, seier Håvard Flo før serieopninga søndag kveld.

Ulrik Flo jublar etter 1-0-scoringa mot Tromsø

VANN: Sist Sogndal møtte Tromsø var i september då Ulrik Flo scora vinnarmålet, og stillinga enda med 1–0 til Sogndal. Slik håpar Håvard Flo at det vil bli også denne kampen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Spelarutviklaren i Sogndal fotball, ser fram til å endeleg komme i gang med årets tippeliga. Likevel er han ikkje er i tvil om at søndagens opningskamp mot Tromsø på Fosshaugane vert tøff.

  • FØLG KAMPEN LIVE HER FRÅ KLOKKA 18.00

– Det vert ein spennande kamp mot eit godt lag som Tromsø, men likevel er det godt å komme i gang. Eg håpar vi kan få ein liknande start som vi hadde i fjor, men det vert tøft. Vi har hatt nokre gode resultat mot Tromsø, så slik sett er eg ikkje redd, men vi skal ha respekt, seier Flo.

Stor rørsle i laget

Sidan førre sesong har det skjedd fleire endringar på Sogndal-laget. Blant anna har laget mista Kenneth Udjus, Henrik Furebotn og Stéphane Badji, men til gjengjeld har dei også fått nokre nye spelarar. Rune Bolseth har komme tilbake etter to år i Hønefoss, og denne veka vart det kjent at senegalesaren Sidy Sagna er klar for Sogndal.

Håvard Flo

HAR TRUA: Spelarutviklar Håvard Flo håpar og trur på ei god serieopning.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Flo trur ikkje endringane vil ha så mykje å seie for spelet.

– Forhåpentlegvis har spelarane som var med i fjor teke nokre nye steg gjennom vinteren. Det er klart at rørsle vil det vere i fotballen, men eg trur ikkje det skal ha så mykje å seie, seier spelarutviklaren.

At Rune Bolseth er komme tilbake til Sogndal betyr mykje for heile laget. Flo beskriv han som ein viktig spelar med gode leiareigenskapar.

– Han har komme flott inn i gruppa etter at han kom tilbake. Han er ein mentor for veldig mange av dei unge spelarane, så eg håpar at han også får ein god start, og ikkje minst at han med fleire held seg skadefri utover, seier Flo.

Dømd til nedrykk

Før seriestart har Sogndal igjen blitt dømd nord og ned av dei aller fleste, og trua på at Sogndal vil rykkje ned er utbreitt. Det plagar ikkje Flo.

– Det er berre ei styrke for oss. Dette er ei kjend problemstilling år etter år, og eg synest det er heilt ok. For vi skal vere ærlege å seie at kvart år er tøft for oss i tippeligaen, men desto hyggjelegare er det då at vi klarar å motbevise det med jamne mellomrom. Og eg trur at akkurat det står det stor respekt av rundtom, at Sogndal kan vere med å konkurrere med dei store gutane.

Han meiner at det ikkje alltid er storleiken på budsjett som er avgjerande.

– Er du flink til å utnytte dei ressursane ein har på best mogleg måte, så kan du skape noko du kan komme langt med. At vi er sist det må vi berre leve med. Vi må halde oss til den realiteten at folk er skeptiske til om vi skal klare det i år.

Sjølv har Flo og resten av laget god tru på at dei skal overleve endå ein sesong i tippeligaen.

– I aller høgaste grad. Igjen, det vil bli nok ein tøff sesong, men vi får berre konsentrere oss om å prøve å komme godt i gang og ta ein kamp av gangen, så får vi ta status når sesongen er over.