Er du klar for vestlandsk julegalla?

På laurdag kveld er det endeleg klart for NRK sin julegalla i Grieghallen. Konserten skal bli juleunderhaldning for heile Norge på 1. juledag.

Vestlandsk julegalla

JULEGALLA: Store vestlandske artistart står på scena når NRK inviterer til julegalla i Grieghallen på laurdag.

Foto: Alf Vidar Snæland
Oddleif Løseth
Journalist
Iselin Solheim

SOLHEIM: Iselin Solheim medverkar på Alan Walker sine superlåtar «Sing me to sleep» og «Faded».

Foto: Pressefoto

På scena står både Morten Abel, Razika, Fargespill, Hilde Selvikvåg, Claudia Scott, Iselin Solheim, Hanne Sørvaag, Britt-Synnøve Johansen, Randi Tytingvåg, Jan Toft, Christine Sandtorv, Olav Stedje og Egil Eldøen.

Programleiarar er Sigrid Moldestad og Finn Tokvam.

Abel med splitter ny låt

Olav Stedje og Sigrid Moldestad

LEIAR: Sigrid Moldestad (t.h.) og Olav Stedje medverkar begge på julegallaen. Moldestad som programleiar, og Stedje som artist.

Foto: Simon Solheim

Konserten byr både på kjende julelåtar, nye julesongar, artistar som syng saman for første gong og heilt andre låtar frå artistane. Morten Abel skal synge si nye nyttårslåt for aller første gong.

Det gjer han saman med dei fantastiske ungane i Fargespill. Konserten har som mål å skape stemning, glede, røre, vere godt selskap og engasjere.

Finn Tokvam

PROGRAMLEIAR: Finn Tokvam, kjend frå populærorkesteret Finn Erix og radioprogrammet P.I.L.S.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Den har fått strålande sendetid på 1. juledag, rett etter "Året med kongefamilien" klokka 20.55.

Stor musikkfest

Godt over 100 personar skal i sving på scena, og mange fleire er i aktivitet bak scena, bak kamera, i lydbuss og regirom. Felles for alle aktørane er at dei kjem frå Vestlandet.

Hanne Sørvaag

SØRVAAG: Hanne Sørvaag frå Stavanger er ein allsidig artist. Ho står på scena i Grieghallen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / Scanpix

Det er NRK-kontora i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland som saman med Fjordane Musikkforum og Sparebanken Vest lagar denne musikkfesten i Grieghallen laurdag 10. desember.

Vestlandsmat og fest

2000: Morten Abel i aksjon på scenen i Bendiksbukta under Quartfestivalen.

ABEL: Morten Abel er eit kjent artistnamn, både som soloartist, men også frå tida med September When og Mods.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Før konserten serverer Kokkenes mesterlaug små gratis smakebitar av vestlandsmat i samarbeid med fylkeskommunane, og etter konserten er det moglegheit for å delta på etterfest med bandet ViMenn frå Sunnfjord i Foajeen.

Det er enno billettar ledige som ein kan kjøpe på Grieghallen sine nettsider.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.