Hopp til innhold

Klarar seg ikkje utan dei frivillige

Over heile landet hjelper tusenvis av frivillige til for å få festivalsommaren til å gå rundt. Under Førdefestivalen er dei heilt avhengig av dugnadsånda.

På kjøkkenet til Kirsten og Kjell Ove Aardal i Førde luktar det nybakte bollar, og dei har kjøkkenbenken full.

– Eg laga 90 bollar i går og 75 i dag, fortel Kirsten Aardal.

Ekteparet har seter på Halbrendsstølen. I dag skal dei vere med å arrangere konsert på setra. Då må det baking til.

Ekteparet er frivillige under Førdefestivalen, som starta i Førde dag.

Kirsten Aardal

BAKVERK: Kirsten Aardal har baka om lag 200 bollar, for å mette svoltne festivalgjengarar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Klarar seg ikkje utan

Det er til saman 500 personar som arbeidar frivillig for Førdefestivalen denne veka.

– Aldri i livet om det hadde vore mogleg å lage ein slik festival utan dei frivillige. Vi har jo 90 arrangement på 30 scener i løpet av fem dagar, seier Hilde Bjørkum. Ho har vore sjef for Førdefestivalen sidan 1989 og veit kva ho snakkar om.

Sommar er festivaltid og over heile landet er dei frivillige i sving.

– Det er jo tusenvis av folk som jobbar på dei ulike festivalane rundt om i landet. For dei aller fleste trur eg det er slik at dei er heilt avhengige av den frivillige innsatsen, seier Bjørkum.

Klar for innrykk

Om lag 200 bollar, 20 liter vaffelrøre og 20 kanner med kaffi har blitt frakta til seters. No er Kjell Ove Aardal klar for å møte festivaldeltakarane. Han veit godt kvifor han er med som frivillig.

– Det er veldig kjekt dette. Vi sit igjen med masse glede etterpå, og så treff vi mange folk både kjente og ukjente, seier han.

Kjell Ove Aardal

TIL SETERS: Kjell Ove Aardal fraktar maten opp til dagens konsertarena.

Foto: Steinar Lote / NRK