Hopp til innhold

Umogleg å finne brannårsaka til storbrannen i Lærdal

På grunn av store skadar har det ikkje vore mogleg å påvise noko eksakt brannårsak etter storbrannen i Lærdal.

Ødeleggelsene etter brannen i Lærdal

STORE SKADAR: Brannen i Lærdal i januar førte til enorme materielle skadar.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Lensmann ved Aurland lensmannskontor, Per Tomas Klingenberg, opplyser at det ikkje er mogleg å komme med ei eksakt årsak til at det tok til å brenne i Lærdal i januar etter gjennomgang av det som er blitt sikra frå staden.

– På grunn av dei skadane som er på huset, har det vore umogleg for politiet å finne ein eksakt årsak til brannen. Det som var att av dei elektriske artiklane i det området der ein meiner brannen starta i, har vorte grundig undersøkt, seier lensmann i Aurland, Per Thomas Klingenberg.

Det som var igjen av delar frå elektriske artiklar i området der ein meiner brannen har starta, har vorte grundig gjennomgått utan at dette har gitt politiet noko svar på brannårsaka.

Trur brannen starta på kjøkkenet

– Men trass i undersøkingar, har det ikkje gitt politiet nokre svar på brannårsaka, seier Klingenberg.

Dei elektriske komponentane det er snakk om, skal ha vore i kjøkkenområdet på huset som først tok fyr.

Det var ei stund sagt at brannen starta på utsida av huset, men politiet har ikkje grunnlag for å seie at det var her brannen starta. Politiet seier dei har etterforska breitt, og at dei ikkje hatt mistanke om at brannen starta som følgje av ei straffbar handling.

– Det var sagt at det også brann på utsida av huset, men politiet har ikkje funne noko årsak til det, seier Klingenberg.

– Betyr det at de reknar med at brannen starta inne på kjøkkenet?

– Det er det vi reknar med, men på grunn av skadane på alle dei elektriske komponentane i området, var det ikkje råd å finne ei årsak, seier Klingenberg.

Brannen spreidde seg naturleg

Politiet har ut ifrå taktiske opplysningar ei god oversikt over kva hus brannen starta i, og kvar i huset brannen var på eit relativt tidleg tidspunkt.

Det er ikkje opplysningar i saka som tilseier at brannen spreidde seg til dei andre husa på anna måte enn «naturleg spreiing», på grunn av austavind.

Trur mange er skuffa

Det er ikkje til å leggje skjul på at mange har hatt håp om at etterforskinga av brannen skulle komme fram til eit svar på kva som var årsaka til den massive brannen for vel tre månadar sidan.

– Folk i Lærdal har gått og venta på eit svar, spesielt dei som budde i huset der det tok fyr. Eg reknar med at dei i området er skuffa over at vi ikkje fann noko eksakt svar, seier Klingenberg.

Men han legg til at dette ikkje er heilt uvanleg ved denne type branntomter.

– Slik er det ofte når det er heilt nedbrent. Då kan det vere vanskeleg å finne det, seier Klingenberg.

Han legg til at saka frå politiet si side no er ferdig.

– Sjølve etterforskinga er no avslutta, og no er rapporten som vi har venta på, komen. Eg reknar med at saka vert lagt vekk, seier Klingenberg.

Politijurist Katrine Trønsdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til NRK at ho overfor Statsadvokaten vil innstille på å leggje vekk saka.

– Vi tek sikte på å få avslutta saka i løpet av kort tid, seier Trønsdal.

Over 70 personar mista heimane sine

Det var om kvelden 18. januar i år at det tok til å brenne i eit bustadhus, og i den sterke vinden spreidde flammane seg raskt.

På berre timar hadde brannen spreidd seg til fleire nærliggjande hus, og brannvesenet jobba på spreng til langt ut på søndagen før dei fekk kontroll over storbrannen.

Brannen i Lærdal er ein av dei verste brannane i norsk etterkrigstid. 40 bygningar brann heilt ned, og over 70 menneske mista heimane sine.