Hopp til innhold

Klarar du gjette kva han seier? Test kva du forstår av sognemål

Lenger nede får du ville tips frå folk ved Høgskulen i Sogndal, og til sist fasiten frå Thomas Skjerven. Dialektentusiasten meiner sjølv han snakkar nesten gamalnorsk.

Thomas Arne Skjerven kjem med ei lita historie krydra med dialektord

Thomas Arne Skjerven si dialektgåte. Foto: Arne Stubhaug. Redigering: Heidi Lise Bakke.

Dialekt er i vinden for tida. Forrige sundag sendte NRK fyrste episode i sin nye serie Dialektriket. Der vil du kunne lære om og høyre ulike, karakteristiske dialektar framover. Thomas Arne Skjerven vil gje æra for akkurat sitt særprega mål til sin bakgrunn.

– Eg er fødd og oppvaksen på Hafslo og har ikkje vore på skule eller arbeidd noko særleg utanfor Luster kommune. Eg har halde på den gode gamle dialekten. Det er bevisst. Eg snakkar nesten gamalnorsk, påstår han.

Skjerven held betre på dialekten enn dei fleste. No opnar han pub og kro på YX-besinstasjonen på Haflso. Også i dette arbeidet tek han dialekten med seg.

– Vi skal også drive med mat. Ikkje catering, men "matutbringing". De tinga og me bringa, seier Thomas.

Han forventar ei roleg opning neste onsdag, og litt meir temperatur fredagen etter.

– Ja, opning! Det vert ei vanleg opning onsdagen, med gratis kaffi og kake og litt forskjellig. På fredagskvelden opnar vi puben. Då kjem det trubadur frå Årdal, så då vert det tjo-hei, hælane i taket og tennene i veggen, kjem det lattermildt.

-Honky tonky woman?

Dialektar kan vere vanskelege å forstå. Vi tok difor turen til Høgskulen i Sogndal for å sjekke om folk forstår den gamle norsken til den nye pubeigaren. Resultata var blanda.

(Artikkelen held fram under videoen)

Folk på Høgskulen i Sogn og Fjordane gjettar på kva Thomas Arne Skjerven seier i historia.

Folk på Høgskulen gjettar på kva Skjerven seier. Foto: Arne Stubhaug. Redigering: Heidi Lise Bakke.

Det er viktig for Skjerven å føre vidare tradisjonelle ord og uttrykk. I det daglege forsøker han å gjere sin del av jobben for å la orda leve.

– Dersom ingen held på dialekten vil han forsvinne. Eg er så heldig at eg har kone, born og barneborn, og prøver å snakke dialekt med dei også. Då kan dei få med seg korleis det har vore her på Hafslo.

Dialekta har ikkje endra seg mykje på Hafslo, meiner Skjerven.

– Ikkje på sjølve Hafslo. Det er ikkje så mykje industri, og lite innflyttarar. Det har kome ein del innflyttarar i dei nye byggefelta, men vi som er oppvaksne på "hi sio" - det er den andre sida av vatnet der det er få innflyttarar - vi held godt på dialekta!

– Så de er litt betre enn dei på...

Den komande pubeigaren gliser breitt, så det kjappe svaret er nok meir godlynt og eglande enn kritisk.

– Ja, altså, me...me er ekte hafslobygdningar. Dei som er innflyttarar har måtta kjøpt seg inn, så dei er ikkje heilt ekte dei, veit du, ler Skjerven.

Forstod du Thomas? Sjekk om du kunne kvalifisert som ekte hafslobygding!

Thomas Arne Skjerven gir deg fasiten på historia med dialektord.

Thomas Arne Skjerven gir deg fasiten på historia. Foto: Arne Stubhaug. Redigering: Heidi Lise Bakke.