Hopp til innhold

Klar tale: – Ei samanslåing blir heilt feil

SOGNDAL (NRK): Jonas Gahr Støre sin uttale at han ser positivt på ei samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland, fell ikkje i god jord blant vanlege i Sogn torsdag.

Monica Gjøringbø (t.v.) og Siri Ølmheim

SAMSTEMTE: Monica Gjøringbø (t.v.) og Siri Ølmheim vil at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogningane NRK møtte i Sogndal i dag er ikkje samd med Ap-leiar Jonas Gahr Støre når han seier til Bergens Tidende at han vil godta eit positivt vedtak om ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dette til trass for at både årsmøtet og representantskapsmøtet i fylkes-Ap ikkje vil ha noko av regionreforma.

Alle vi fekk i tale var klare på at dei håpar vedtaket om samanslåing blir oppheva. Siri Ølmheim reknar likevel med at vi blir ein del av ein vestlandsregion.

– Eg trur ikkje vedtaket blir reversert, men eg håpar det blir det, for det blir eit altfor stort fylke om vi blir slått saman med Hordaland.

Reidar Solheimsnes

HÅPAR PÅ OPPHEVING: Reidar Solheimsnes.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Monica Gjøringbø stemmer i.

– Ei samanslåing blir heilt feil.

Reidar Solheimsnes er usikker på om vedtaket blir oppheva.

– Men eg håpar det. Vi greier oss så godt slik vi har det, meiner eg.

Helge Heimark er av same oppfatninga.

– Eg håpar det blir oppheva, men eg trur nok det går mot samanslåing.

Helge Heimark

HÅPAR PÅ OPPHEVING: Helge Heimark.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Og håpet om oppheving vart delt av alle vi snakka med, ingen av dei hadde lyst til å bli innbyggjarar i ein vestlandsregion.

Sju av ti: Ingen kommentar

Om folkeviljen i Sogndal er klar, så er ikkje det same tilfelle når vi prøver å lodde stemninga blant lokallagsleiarane i Arbeidarpartiet.

Av dei ti leiarane i kommunepartia NRK har fått tak i på telefon viser sju til dei to toppkandidatane på stortingsvallista, Ingrid Heggø og Hilmar Høl. Berre tre flaggar eiga meining.

I dag sa partileiar Jonas Gahr Støre til Bergens Tidende at han ikkje vil reversere vedtaket om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane. Dermed tek han ikkje omsyn til at eit representantskapsmøte i Sogn og Fjordane Ap i juni bad om at vedtaket blir gjort om.

Tre av lokallagsleiarane kom med si meining:

Inger Bakken, leiar i Lærdal Ap: Eg er forundra over utspelet til Jonas Gahr Støre. Eg er lojal mot vedtaket i Sogn og Fjordane Ap, og vil gå inn for å reversere samanslåinga.

Vil reversere

Hilmar Høl seier i eit intervju til NRK at han ikkje ser at nokre vesentlege tenester har blitt flytta ut i distrikta til Sogn og Fjordane. Det er berre snakk om endringar forvaltningsmessig.

– Vi har fått nokre IMDi-oppgåver, rutekjøp av fly og finansiering av private flyplassar av alle ting. Dette er vi ikkje nøgd med, seier Hilmar Høl.

– For å løyse opp eit fylkestingsvedtak om ein intensjonsavtale må ein faktisk få eit fylkestingsvedtak om det motsette, seier Høl.

Roy Egil Stadheim

SAMD MED STØRE: Leiar Roy Egil Stadheim i Vik Ap.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Støtte til Støre frå Vik og Aurland

Roy Egil Stadheim, leiar i Vik Ap: Eg er lojal mot vedtaket på årsmøtet, men personleg ser eg positivt på regionreforma. Vi er berre 108.000 i Sogn og Fjordane, og eg ser positivt på ein meir slagkraftig region. Eg røysta for samanslåing då fylkespartiet hadde saka oppe.

Kjell Bøe Bjørgum, leiar i Aurland Ap: Eg er ikkje så positiv til regionreforma, men for oss i Aurland er det ikkje så langt til Bergen. Utan at eg har diskutert det med andre i kommunepartiet så trur eg personleg at vi har vel så mykje å hente i ein vestlandsregion som i Sogn og Fjordane.

Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Årdal Ap: Ta kontakt med Hilmar Høl.

Odd Urdal Bjelle, leiar i Sogndal Ap: Eg vil ikkje uttale meg om dette. Det overlèt eg til stortingskandidatane våre.

Solveig Norevik, leiar i Høyanger Ap: Sit på møte i Tromsø og kan ikkje svare. Snakk med Hilmar Høl eller Ingrid Heggø.

Arve Helle, leiar i Fjaler Ap: Ingen kommentar. Viser vidare til Hilmar Høl eller Ingrid Heggø.

Reidar Sandnes, leiar i Jølster Ap: Ingen kommentar. For ferskt. Viser vidare til Hilmar Høl.

Randi Bjørset, leiar i Stryn Ap: Ingen kommentar. Viser vidare til Hilmar Høl og Ingrid Heggø.

Berner Midthjell, leiar i Eid Ap: Viser til Hilmar Høl og Ingrid Heggø.

– Fylkestinget må ta initiativ

Kjersti Stenseng

– FØRESETNADER IKKJE OPPFYLTE: Partisekretær Kjersti Stenseng i Ap.

Foto: Siv Sandvik

Vi har ikkje fått Jonas Gahr Støre i tale, men partisekretær Kjersti Stenseng har sendt desse kommentarane på e-post:

– Der det er fatta positive vedtak står desse fast.

– Sogn og Fjordane sa ja under visse føresetnader. Fleire av desse er ikkje oppfylte.

– Difor stemte Arbeidarpartiet imot samanslåingen i Stortinget i juni. Stortingsfleirtalet, H, Frp, V og KrF fatta eit vedtak om samanslåing, det er vedtaket som per i dag står fast.

Eit initiativ om å gjere om vedtaket må i tilfelle kome frå fylkestinget i Sogn og Fjordane sjølv.