Hopp til innhold

Klar for tøft møte med nyeklubben

På søndag kan Sogndal-keeper Kenneth Udjus vere med å dra den framtidige arbeidsgjevaren sin inn i nedrykksstriden. Sørlendingen er klokkeklar på kva lag han kjempar for.

Kenneth Udjus

MØTER NYEKLUBBEN: Kenneth Udjus skal vakte buret mot sine framtidige kollegaer når Sogndal møter Lillestrøm på Fosshaugane søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Hovudet mitt er fullt og heilt i Sogndal, seier Udjus då NRK snakka med han på treningsfeltet.

Der gir han klare ordrar frå plassen sin mellom stengene. Sjølv om han berre har seks kampar att for Sogndal, er det ingen som skal få ta han på engasjementet.

– Litt meir uvanleg

På søndag møter Sogndal Lillestrøm, klubben Udjus går til ved sesongslutt.

– Når kampen startar veit eg ikkje om eg kjem til å tenkje så mykje på det, men i forkant er det litt rart, vedgår Udjus.

For det er naturleg nok litt rart for sisteskansen å skulle stå i mål når den noverande arbeidsgivaren møter den framtidige.

– Det blir litt meir uvanleg enn ein vanleg kamp, men samtidig har eg ikkje vore inne i den gruppa på noko måte, eller spelt der tidlegare, seier.

Vedgår at det blir ein rar kamp

Medan dei argaste rivalane i botnstriden, Sandnes Ulf og Fredrikstad har tøffe bortekampar mot Haugesund og Molde, møter Sogndal Lillestrøm heime på Fosshaugane.

Går resultata Sogndal sin veg kan dei få tre poengs luke til Fredrikstad – og klatra heilt opp i ryggen på Lillestrøm. Den noverande arbeidsgjevaren til Udjus kan dermed dra den framtidige inn i nedrykksstriden.

– Ja, det er klart vi kan det. Men samtidig er Lillestrøm litt lenger oppe på tabellen.

– Eg er glad vi ikkje er heilt i avslutningsfasen av sesongen når vi ligg heilt på sidan av kvarandre, seier Udjus.

Trur på skåring

Udjus har halde nullen i dei to siste kampane, og vil gjera sitt for å halda fram med det. Samtidig samtidig har det vore dårleg stelt i andre enden av bana – men Udjus augnar betring på skåringsfronten.

– Ruben Holsæter har verkeleg funne forma i det siste. Og Ricardo Santos begynner å bli meir samstemt med gruppa, seier Udjus som seier nykomlingen har funne sin plass i laget no.

Klar for å levere

Nyinnkjøpte Ricardo Santos står med to skåringar for Sogndal så langt – begge for vidope mål. Søndag brende han ei rekke store sjansar då Sogndal måtte nøya seg med 0–0 mot Hønefoss.

– Det er klart vi tenkjer på at vi hadde mange sjansar.

– Eit poeng er viktig, men vi var ikkje nøgde sidan vi kunne tatt tre poeng, seier Santos og legg til:

– Vi må berre halde fram, på søndag skal vi skåre.

Vil ikkje ha nedrykk på CV-en

Og bakarst lovar Udjus at han er meir enn vanleg oppdatert på motstandaren.

– Eg følgjer jo med på dei no når eg har skrive under, men det er meir for å vere budd på neste år. Kva typar dei er og korleis dei spelar.

– Men hovudet mitt er i Sogndal no. Eg vil ikkje ha noko nedrykk på CV-en min. Det kjem ikkje på tale, ler han.