Hopp til innhold

Klar for to nye år som leiar

Arne Johannessen vart onsdag attvald som leiar for Politiets Fellesforbund. Dermed er han klar for to nye år ved roret.

Arne Johannessen iUnio

FEKK FORNYA TILLIT: Arne Johannessen skal leie Politiets Fellesforbund i to nye år.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Johannessen har vore leiar sidan 2000 og fekk ståande applaus då han i dag fekk fornya tillit. Han har frå før varsla at desse to åra vil bli hans siste i leiarstolen, men understreka at han er klar for jobben.

– Eg skal love dokke at eg framleis er topp motivert. Tusen, tusen takk for tilliten, sa Johannesen då resultatet var klart, skriv Politiforum.no.

– Det er utruleg kjekt å bli valt igjen!

54-åringen har sidan han vart valt som leiar i 2000 hatt permisjon frå jobben som lensmann i Sogndal. I haust vurderte han å ikkje stille til attval, men ei rekkje tillitserklæringar gjorde at han likevel sa ja.

Johannessen meiner det var viktig at folk var klar over at han berre ville halde fram i to år til. I forkant av valet sa han at det var viktig at organisasjonen fekk tid til å diskutere kven som skal overta.

– Det er også grenser for kor lenge ein skal sitje i ei leiarrolle, og nokre meiner at eg allereie har sete for lenge. Ein gang skal jo alt ta slutt, sa Johannessen til Politiforum før valet.