Hopp til innhold

Fred var på sommarskisenteret første gong som niåring - no driv han Folven Camping

Torsdag opnar Stryn Sommerski sesongen. Fred Syversen ventar no storinnrykk på det som kan kallast Base Camp for sommarskientusiastane - Folven Camping i Oppstryn.

Fred Syversen

YNSKJER SKIFOLKET VELKOMNE: Fred Syversen er medeigar på Folven Camping.

Foto: Silje Guddal / NRK

For campingplassen har vore haldepunktet for mange av skikøyrarane som reiser til Stryn for å køyre på ski på sommaren.

Torsdag vil campingplassen i Hjelledalen igjen ta imot dei som ikkje greier å legge skia på hylla sjølv om gradestokken har passert 20. Den tidlegare alpinisten Fred Syversen seier at det er litt tilfeldig at han no er vert for sommarskifolket.

– Men eg har ei lang historie her. Eg trur eg var ni eller ti år første gongen eg var på treningssamling her. Det var sjeldan vi fekk plass på Folven, vi vart som regel skyfla vidare nedover dalen fordi det var fullt her.

– Bra belegg

Men i fjor vart han ein av eigarane av Folven Camping.

– Det har vore ei omvelting på mange måtar. Eg har flytta hit, sjølv om eg ikkje har budd her fast heile tida Eg har vore mykje på reise i vinter, men eg bur her sommar og haust, og kanskje blir det litt om vinteren også, for det er så mykje bra fjell her.

– Veit du kor mange som kjem, og har du ledige hytter til dei som no kastar seg i bilen og vil til Stryn?

– I går kveld hadde vi att to hytter, og det kan hende dei er opptekne no. Og det er bra belegg, særleg sidan bretrekket på sommarskisenteret ikkje er ope i år. Men det er fint vêr og bra vêrmelding, så eg trur dei som kjem skal få ei fin helg.

Folven Camping

NESTEN FULLT I HELGA: Folven Camping er så godt som fullbooka når sommarskisenteret opnar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Blir ein kjempestart

I 1972 opna Stryn Sommarskisenter på Tystigen på Strynefjellet. Her er det bygt stort servicehus med kafé, og anlegget har hatt stolheis sidan 1986. Stikkord: "Vinter er best om sommaren".

I år var det lenge usikkert om dei kunne opne sommarskisenteret, men eigarane har greidd å få det til, og torsdag kan skifolket få ta i bruk bakkane. Rett nok blir ikkje bretrekket opna i år, så dei som vil heilt til topps må tai bruk fellar.

Fred Syversen har vore oppe på Tystigen og kan rapportere om fine tilhøve.

– Det ser veldig bra ut. Eg var på Nuken fredag. Det har rasa litt fordi det har vore så varmt, og snøen forsvinn fort. Men i starten blir det veldig fin køyring, og med fellar kan folk gå opp bretrekket, så eg trur det blir ein kjempestart no i helga.

Og nede i dalen - på Folven - har after ski-livet fått utfalde seg på desse vel 40 åra sidan 1972 - med legendariske festar, særleg på 1990-talet. Fred Syversen reknar med at ein del av dei som kjem i år også vil ha seg ein fest, men han håpar det blir med måte.

– Eg håpar at vi kan tone ned det rølpestempelet som var her på 1990-talet, men noko moro må vi ha. Det kjem eit band på scena som heiter Berserk Bastards. Dei var her i fjor og gjorde stor suksess.

Fred Syversen på Folven Camping

FEST, MEN IKKJE RØLP: Fred Syversen håpar dei er kvitt rølpestempelet frå 1990-talet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Satsar på sykkel og fotturar

Men tilhøva på sommarskisenteret har vore vekslande frå år til år, og Folven Camping har difor ikkje kunna lite berre på skifolket.

Fred Syversen fortel at dei har mykje anna å tilby dei som kjem til Oppstryn.

– Vi er mellom anna med på sykkelsatsinga i Stryn og Nordfjord. Eg er ivrig på utforsykkel sjølv, det er mange fine utforstiar her. Men det som er så fint er at vi har vinter i fjellet og sommar her nede.

No ser han fram til ei hektisk, men fin tid.

– I dag har vi ein fantastisk vakker dag, det går litt hardt utover snøen med slik varme, men eg trur vi skal få ein intensiv månad på fjellet. Etter det blir det full satsing på sykkel.

– Vi kan også tilby fine fotturar, mellom anna i Sundalen. Den gamle ferdselsvegen over Kamparhamrane til Austlandet er utbetra av sherpaer og fin å gå.

Syversen er også oppteken av klatring, og i Hjelledalen treng ein ikkje reise langt for å finne utfordrande fjellsider.

– Vi har funne nokre stader rundt Folven som eg har tru på, så vi får snakke med grunneigarane og høyre om vi får lov til å klatre.

– Daud plass utan sommarski

Men medeigaren av Folven Camping håpar at Stryn Sommarski vil bestå og at dei i framtida også kan ha både stolheisen og bretrekket i sving.

– Blir senteret lagt ned trur eg vi vil sjå ein daud plass her i Oppstryn.

Stryn sommarski

SLIK KAN DET BLI: Med gode vêrmeldigar kan folk sjå fram til fine dagar på Tystigen.

Foto: Stryn Sommarski AS