NRK Meny
Normal

Slik lagar du Kari sin rømmegraut til 17. mai

Her kan du sjølv prøve deg på oppskrifta som tradisjonsmatekspertane Kari Støfringsdal og Steinar Lindstrøm snakka om på NRK Sogn og Fjordane fredag ettermiddag.

Kari Støfringsdal og Steinar Lindstrøm

GOD GRAUT: Kari Støfringsdal og Steinar Lindstrøm saman på NRK sitt kjøken fredag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På NRK Sogn og Fjordane sitt vesle kjøken trylla kokebokforfattar Kari Støfringsdal fram rømmegraut. Pensjonert kokkelærar Steinar Lindstrøm var ikkje i tvil.

– Dette smakar jo heilt herleg, Kari, sa Lindstrøm og lét seg ikkje be to gonger då han fekk smake meir på grauten.

Her er Kari si eiga oppskrift som du sjølv kan bruke til rømmegrauten på nasjonaldagen:

Rømmegraut

NASJONALKOST: På 17. mai vil svært mange nordmenn ete rømmegraut. Her er Kari Støfringsdal sin variant.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rømmegraut, oppskrift til fire personar:

2 pk seterrømme

0,6 l mjølk

1 dl semulegryn

0,5 dl kveitemjøl

1 ts. sukker

0,5 ts. salt

Kok rømmen i ein kjele med tjukk botn i ca. 10 minutt. Rør på kveitemjøl og semulegryn og bland godt. Lat mjølet og rømmen koke på svak varme ei stund og rør forsiktig av og til. No kjem feittet ut, det kan du samle i ein kopp.

Ha så i mjølka litt etter litt til du får ein passe tjukk graut. Det kan vere du må bruke litt meir mjølk. Smak til med sukker og salt. Grauten kan pyntast med rosiner, sukker og kanel.

I tillegg serverte vi grove vaflar utan sukker, gode pølser og ein heimelaga potetsalat. Vi lagde og må skiver med spekeskinke, eggerøre, spekekjøt, laks, rømme og rogn.

Fingermat a`la Steinar Lindstrøm

SNADDER: Fingermat à la Steinar Lindstrøm

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Pølse i vaffel

PØLSE I VAFFEL: Grove vaflar med salat og bratwurst à la Steinar Lindstrøm

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå