Hopp til innhold

Klar for kvarten og jaktar opprykk

Opprykket glapp førre sesong, men denne sesongen har stryningen Per Egil Flo og Lausanne fått ein god start på nivå to i sveitsisk fotball. Med 6-0 over Neuchâtel Xamax frå øvste nivå i går, er dei klare for kvartfinale mot topplaget Basel i cupen. I tillegg leiar Flo & co divisjonen sin med 27 poeng på 12 kampar.

Per Egil Flo og Giorgio Contini
Foto: FC Lausanne på Twitter