Hopp til innhold

No er dei klare for hovudrunda i Shanghai

Sandvolleyballduoen Geir Eithun og Iver Horrem er klar for hovudrunden av verdsturnéen i Shanghai.

Horrem/Eithun

KLARE: Geir Eithun og Iver Horrem slo Latvia 2–0 tysdag og er dermed klar for hovudrunden av World Tour i Kina.

Foto: Dag Inge Nordby

Det norske laget slo Latvia 2-0 og møter i gruppespelet lag frå Kina, Italia og Austerrike.

– Først og fremst er vi nøgde med at vi fekk til spelet vårt, og at vi fekk ei god stadfesting på at det vi har trena på er byrja å sitje, seier førdianaren Geir Eithun.

Jamt andresett

Duoen som per i dag er rangert som det 30. beste laget i verda, har teke eit godt steg i rett retning. Medan det langsiktige målet er OL i Rio 2016, ynskjer dei i år å etablere seg fast i hovudrunden av verdsturneen.

Første barriere i Shanghai var eit latvisk lag, med mellom anna ein bronsevinnar frå London-OL på laget.

– Vi gjorde eit greitt første sett, og vann stort. Andre sett var meir jamt, men vi heldt roa og drog sigeren i land, seier ein nøgd Eithun.

Kan senke skuldrene

Sunnfjordingen seier dei i Kina er mest opptekne av at spelet fungerer, framfor at dei når målsetjingar om resultat og plassering.

– No i starten legg vi det litt til sides og har fokus på eige spel. Det viktigaste er å få stadfesta at det vi har brukt mykje tid og energi på fungerer, seier han og meiner kampen mot Latvia viser at dei har jobba med dei rette tinga.

– Hovudrunden var vårt første mål, så no kan vi senke skuldrane og køyre på i dei tre neste gruppekampane, held han fram.