Hopp til innhold

Klar for Eurovision Song Contest

Ingunn Alice Fanebust er kanskje meir opptatt av Eurovision Song Contest (ESC), enn dei fleste av oss. Ho er alt klar med eige røysteskjema, og tel no ned dei lange timane til sendinga byrjar klokka 21.

Montasje: Ingunn Alice Fanebust, Morland og Debrah Scarlett

KRYSSAR FINGRANE FOR DEI NORSKE: Ingunn Alice Fanebust frå Jølster ventar spent kveldens finale i Eurovision Song Contest (ESC).

Foto: MONTASJE: Hege Bakken Riise/ privat / NRK

– Dette er årets største dag, ler Ingunn Alice Fanebust.

Ho har så lenge ho kan huske vore oppteken av ESC, kanskje betre kjent som Melodi Grand Prix her til lands.

Arveleg belasta

– Eg er oppvaksen med foreldre som såg Melodi Grand Prix, og no er vi fem søstrer som alle er opptekne av det, og har eigne røysteskjema.

– Så de gir eigne poeng til artistane?

– Å ja, vi bedømmer kjolar, sceneshow og opptreden som vi gir poeng for, i tillegg til å notere kva poeng dei får.

– Og det er ikkje berre kveldens finale de vurderer?

– Å, nei, vi følgjer med på både delfinalar og finale.

Røysteskjema

RØYSTESKJEMA: Ingunn Alice Fanebust, har laga klar skjema der ho gir eigne poeng til artistane.

Foto: Privat

I dag blir det fest

Denne gongen er det kanskje ekstra grunn til markering, for Ingunn Alice Fanebust har også gebursdag i dag.

– Det er den beste bursdagsgåva eg kunne få. Så i kveld må paljettane fram og det blir høg champagne-faktor. Det blir litt ekstra i kveld.

Usikker på dei norske

– Forventingane er kanskje ikkje så skyhøge når dei kjem til Norge. Eg trur nok ikkje vi har vinnarlåten, men eg håpar sjølvsagt at vi skal vinne.

– Det er dei som meiner at det er uheldig for dei norske sjansane at Sverige kjem rett etter Norge?

– Den tanken slo meg og, for dei har ei låt med meir futt i. Men eg er litt usikker, for når det er litt futt i låtane rundt den norske så kan det bli litt brytning der. Eg håpar ikkje det har noko å seie, men den svenske låten har eg i topp sjiktet så den trur eg når langt i kveld.

For ei som er lidenskapeleg oppteken av ESC blir det lange timar fram mot at sendinga starta klokka 21.

– Det er seigpining, ler Fanebust. Eg får rydde litt hus og slikt så kanskje tida går litt fortare.