Hopp til innhold

MGP Lokal-vinnaren takla presset: «Eg var forferdeleg nervøs»

Gunn Marit Kvåle stakk av med sigeren i MGP Lokal, og ho innrømmer at ho var kjempenervøs før ho skulle synge på direktesendt nett-TV.

Eit tosifra antal tusen publikumstemmer og jury kåra Gunn Marit Kvåle (10) Frå Sogndal til vinnar av MGP Lokal.

Det var tydeleg at publikum likte det dei fekk sjå på scena, då dei jubla, klappa og røyste seg etter at alle 16 deltakarane hadde vore på scena.

Fem får synge

– Det her var utruleg uventa og ikkje minst fantastisk kjekt! Sa Gunn Marit oppglødd etter at ho gjekk til topps i konkurransen.

Gunn Marit var ein av fem unge talent som sjarmerte publikum og sikra seg ein plass på scena rett før MGP- delfinalen som arrangerast i Florø laurdag kveld.

Om lag 3000 publikumarar ventar Malene Leite (12), Oddbjørn Litlabø (12), Annika Synnøve Beinnes (11), Alice Kucevic Hugøy (11), og vinnar Gunn Marit Kvåle (10) i salen denne kvelden.

– Eg var forferdeleg nervøs i kveld, men eg skal vise publikum at eg har det kjekt på scena i morgon, slår vinnar Gunn Marit fast.

Leite-feber på scena

Det var røystene publikum har sendt inn til NRK, og juryen si vurdering som samanlagt avgjorde kven som vann den lokale finalen.

Under finalen fekk finalistane stå på same scene som Idol-Vegard som opptredde for publikum og deltakarar. Sendinga som du kan sjå her er produsert av Kreativ Media UB og Mediakompaniet UB, frå medielinja ved Sogndal vidaregåande skule.

Leitefeberen var høg då også hans to yngre søstrer Malene (12) og Ida Leite (14) deltok på sena denne kvelden, noko Vegard syns var stas.

– Dei er veldig flinke og øver mykje på fritida si, så dette unnar eg dei verkeleg! Utruleg kjekt, seier Vegard stolt.

Per Sundnes

GOD GJENG: Fem av deltakarane i MGP Lokal får sjansen til å synge på hovudscena før MGP-delfinalen laurdag kveld. Malene Leite (12), Oddbjørn Litlabø (12), Annika Synnøve Beinnes (11), Alice Kucevic Hugøy (11), og vinnar Gunn Marit Kvåle (10).

Foto: Truls Kleiven / NRK

- Var ikkje i tvil

Dommarane sa seg svært nøgde med MGP- lokalfinalen, og meinte at nivået var ekstra høgt i år.

– Eg er kjempeimponert, og eg må seie at det var utruleg mange flinke! seier medlem av dommarpanelet, Embla Belsvik.

Belsvik kunne også avsløre at dommarpanelet var einstemmig, og ikkje i tvil om kven som skulle få deira stemme.

– Å vere ti år å ha ein så perfekt engelsk, stemme og innleving på scena, det er rett og slett fantastisk, seier Belsvik engasjert.

Tur til Spektrum

I tilegg til å få opptre på den store MGP-scena vann Gunn Marit Kvåle er ein tur til Oslo og billett til Melodi Grand Prix- finalen i Oslo Spektrum.

– Det blir utruleg kjekt, og eg gler meg skikkelig til å få møte artistane backstage! seier ein fornøgd vinnar.

MGP- general Per Sundnes kunne avsløre at det er heilt unikt for vinnaren frå Florø å få komme backstage til programleiarane og artistane.

– Ingen av dei andre lokale MGP lokal-vinnarane får komme backstage, så Gunn Marit kan verkeleg glede seg, seier Sundnes smilande.

Viktig arena

Florø sin eigen MGP-general Per Øyvind Helle kunne etter finalen takke publikum for ein fantastisk flott kveld.

– MGP Lokal har blitt ein viktig arena i for unge i fylket å få vise dyrke og vise talentet sitt, seier han stolt.

Dommar Belsvik kunne seie seg einig i dette, og meinar at MGP lokal er ein stor moglegheit for dei lovande talenta.

– Her kan dei få vist fram talentet sitt og få sjølvtillit til å dyrke lidenskapen sin, slår Belsvik fast.

Lovar show i toppklasse

Publikum på samfunnshuset fekk også helse på, og høyre ein liten smakebit frå kvar av artistane som skal opptre på delfinalen laurdag kveld.

MGP- general Per Sundnes nytta høvet til fortelje at årets show i Florø vil bli det mest vågale vi har sett i delfinalerundane, og kunne lokke med meir hud og utfordrande dans.

– Vi er så klare som vi kan bli. Dei som ikkje tar turen opp i storhallen i morgon går glipp av eit show i toppklasse! Det her blir fenomenalt, avslutta MGP-generalen.