NRK Meny

Klar for dansk toppklubb

Årdølen Hege Bakken Wahlquist er klar for den danske eliteserieklubben Team Tvis Holstebro, skriv Sogn Avis. Handballspelaren fullfører kontrakten sin med Drammen-laget Glassverket ut denne sesongen. 23-åringen har signert ein eittårskontrakt og blir henta som erstattar for den norske landslagstjerna Camilla Herrem, ifølgje avisa.

Hege Bakken Wahlquist
Foto: Peter Tubaas