Hopp til innhold

Klar for "fjas" på Stortinget

Han var ikkje gira på alt "fjaset" på Stortinget, men måndag vart Tor Bremer vald inn til fire år på Løvebakken.

Tor Bremer

KLART FOR 'FJAS': - I nokre situasjonar ser eg at det kan vere eit nødvendig onde for å få fram politikken, seier Tor Bremer (Ap) om det han kalla 'fjaset' på Stortinget.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tor Bremer må no svare for ei utsegn han kom med tidleg i valkampen. Han sa då at han ikkje var gira på alt fjaset rundt Stortinget.

No er han klar for fire år på tinget, og han er og klar for det han kalla fjas.

- I nokre situasjonar ser eg at det kan vere eit nødvendig onde for å få fram politikken. Det er mogleg det også er eit nødvendig onde i forhold til å folkeleggjere den politiske diskusjonen, seier Bremer.

Vil slåst for sakene

Det var i eit politikarportrett i februar Bremer gav uttrykk for motførestillingar mot mykje av det som føregår rundt Løvebakken.

- Eg er ikkje gira i seg på å vere på tinget, og alt det fjaset rundt det, sa han då.

- Men eg er gira på å slåst for sakene våre. Og det er eit nødvendig onde å kome til Oslo for å slåst for sakene våre på det nasjonale plan.

Tor Bremer vil gjerne bli oppfatta som ein seriøs politikar som skal stå på for Sogn og Fjordane, men under fylkestinget i juni vart han kjend som politikaren som skreiv om sokkeseg på Facebook medan andre hadde ordet frå talarstolen.

Vil ikkje i Se og Hør

No vil han passe seg for å kome i Se og Hør med liknande tema.

- Måtte Gud forby at det skjer. Det er ikkje det eg ser for meg at eg skal drive med når eg skal på Stortinget. Eg har lyst å jobbe med dei sakene som eg syns er viktige for Sogn og Fjordane, og eg kjem til å vri meg så lenge som mogleg for å unngå det.

Politikaren frå Hafslo er førstereisgut på Stortinget, men han har ikkje tenkt å vere tilbakehalden for det.

- No er det ikkje akkurat slik med oss sogningane, at det er ein dyd å vise atterhald, og slik er det vel heller ikkje i politikken, at atterhaldet blir løna, så eg må vel berre få ha ein tabbekvote der eg kan trå feil nokre gonger, seier Bremer.