Hopp til innhold

Klagestorm på p-bøter ved sjukehus

Helse Førde opplever ein storm av klager frå personar som har fått parkeringsbot ved Sentralsjukehuset i Førde. Brit Elin Ladehaug fekk bot då ho følgde si svært sjuke mor til sjukehuset.

Brit Elin Ladehaug klaga på parkeringsbot

OPPRØRT: Brit Elin Ladehaug stod på rett parkering, men mangla lappen om parkeringsløyve i ruta. Helse Førde avslo klagen hennar på parkeringsbota.

Foto: Montasje (NRK/Oldeide/privat)

– Eg meiner dei bør vise litt forståing i forhold til at situasjonen var akutt, seier Ladehaug som er svært oppgitt over situasjonen.

Og ho er slett ikkje åleine. I desember endra Helse Førde parkeringssystemet ved sjukehuset og sidan nyttår har dette ført til ein storm av klager. I snitt har dei fått inn ei klage kvar einaste dag.

– Tonen i brevet er ubehageleg

Brit Elin Ladehaug frå Stryn forstår ikkje heilt tankegangen til Helse Førde. Torsdag 24. mai hasta ho til sjukehuset i sin eigen bil, like bak ambulansen som køyrde hennar alvorleg sjuke mor. I farta vart Ladehaug ståande ulovleg parkert, noko som resulterte i ei bot.

Ladehaug har klaga på bota, men nådde ikkje fram.

– Det er ingenting i svaret som viser til klagen eg sendte, og tonen i brevet verkar ubehageleg, seier Ladehaug.

Stod på rett plass – mangla lapp i ruta

Etter at det nye parkeringssystemet ved sjukehuset vart innført i desember er det no 99 plassar som ifølgje Helse Førde skal vere eksklusivt for pasientar og pårørande. Medan pasientar som er kalla inn har fått ein parkeringsbillett tilsendt saman med innkallinga, må pårørande gjere det litt annleis.

På sine heimesider forklarar Helse Førde at pårørande må bruke parkeringsautomaten som står på parkeringa og via denne ta kontakt med resepsjonen. Her skal dei opplyse kven dei skal besøke og så vert det skrive ut eit parkeringsløyve som ein deretter plasserer i bilen.

Då Ladehaug kom til sjukehuset saman med mora i mai, fekk ho ikkje å gjort dette. Ho stod altså på ein parkeringsplass som var for pårørande, men fekk ikkje teke ut ein slik lapp, som også er gratis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Parkering for pasientar og pårørande ved sjukehuset i Førde

SKILTA: Det står fleire skilt ved parkeringa som er for pasientar og pårørande som kjem til sjukehuset. Brit Elin Ladehaug var ikkje kjent med det nye systemet, og då ho hasta inn i akuttmottaket for å støtte mora då ho kom til sjukehuset fekk ho ikkje ordna eit parkeringsløyve slik reglane seier.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kva er «tungtvegande grunnar»

Ladehaug har lite forståing for avslaget på klagen.

– Det er dette med «tungtvegande grunnar» som det står i brevet, «for å sleppe å betale gebyr ved parkering på reserverte plassar».

– Om ikkje dette er tungtvegande, så lurer eg på kva som er det. Det vil eg ha svar på, seier ho opprørt.

Klagestorm

Dei siste fem månadene har det blitt mange klager på parkeringsbøter som Helse Førde har skrive ut til pasientar og pårørande. I snitt har helseføretaket motteke ei om dagen som knyter seg til parkeringa ved Sentralsjukehuset.

Avdelingssjef for drift og eigedom ved Helse Førde, Terje Jan Nes, vil ikkje kommentere enkeltsaker. Men han meiner rutinane er gode nok.

– Kvar enkelt sak blir vurdert opp mot dei reglane vi har, seier Nes.

– Når du køyrer inn på eit område som er regulert, så har du på ein måte inngått ein avtale med grunneigar og du må halde deg til reglane som området er skilta med.

Meiner dei er fleksible

Han seier helseføretaket er merksam på at det naturleg nok kan vere folk som har det travelt når dei kjem til parkeringsplassen.

– Det er eit sjukehus vi snakkar om, så det kan vere folk som kjem med folk akutt. Og då prøver vi å vere fleksible, seier Nes til NRK.no.

Brit Elin Ladehaug på si side opplever ikkje at Helse Førde har vore fleksible i hennar tilfelle.

– Eg håpar dei kan ta ein diskusjon med seg sjølv om at når det er akutt innlegging og pårørande til akuttinnlegging, at det då er mogleg å få fritak på dette. Det er ikkje slik at folk feilparkerer med vilje.