NRK Meny
Normal

Klagar sjødeponiet inn til ESA-domstol

Med sju mot to røyster gjekk formannskapet i Førde inn for å klage sjødeponiet i Førdefjorden inn til ESA-domstolen.

Norvall Nøringset

FEKK MEDHALD: Norvall Nøringset (SV) bad om å få saka opp på kveldens formannskapsmøte i Førde. Fleirtalet gjekk inn for å klage sjødeponisaka inn for ESA-domstolen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bjørn Nordberg og ordførar Olve Grotle (begge Høgre) røysta mot klagen.

Partifelle Christina Kvamme braut ut av Høgre-gruppa og røysta for. I etterkant av vedtaket må rådmannen finne ut om saka også handsamast i bystyret.

– Noreg har vedteke EU sitt vassdirektiv. Det har vore ute på høyring i kommunar og fylket, og stiller strenge krav for å garantere reint vatn, artsmangfald og naturelement, seier Norvall Nøringset (SV).

Sterke reaksjonar

Regjeringa sitt vedtak om å la Nordic Mining starte rutilutvinning i Engebøfjellet har vakt sterke reaksjonar. Sjølv om den drifta vil gje mange nye arbeidsplassar i regionen.

For eit deponi for 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden, er også ein del av avgjerda. Mange fryktar for kva følgjer det får for livet i fjorden.

Også SalmonCamera og Naturvernforbundet har bede ESA-domstolen vurdere om gruveprosjektet er i strid med vassdirektivet.

SV og Nøringset har tidlegare varsla at dei ville ta eit eventuelt sjødeponi til domstolen.

– Ein skal legge til grunn eit føre var. Dersom ein ikkje veit følgjene av det ein gjer, så skal ein gjere alt som er mogleg for å finne det ut. Ein skal hugse på at her er det tale om utrekningar og små forsøk på laboratorium. Det er ikkje tale om forsøk i stor skala, seier Nøringset.

– Eit paradoks

Over 100 millionar kroner har gått med til ulike utgreiingar, og uttalane er mange – både for og mot. Regjeringa meiner at ulempene for miljøet ikkje veg opp mot dei positive ringverknadane.

For Nøringset er det eit paradoks at fylkesmannen, som er statens mann, sette foten ned for tiltak i strandsona på Ytre Øyrane grunna planta stilkvasshår.

– Så kjem den same staten og gir løyve til 250–300 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Eg har vanskar med å sjå samanhengen, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune