Familien Perera meiner politiet har oppført seg taktlaust mot ein familie i sorg.
Første ankepunktet mot politiet gjeld framferda då bror til den omkomne, Madhushanka Perera, kom tilbake til Balestrand etter behandling på Haukeland sjukehus. Han kom med snøggbåten, og politiet tok umiddelbart hand om han og førde han til politibilen, og stilte han spørmål før han fekk tid til å gje mora ein klem etter ulukka.
Kontakta neste morgon
Neste morgon ringde lensmannen og ville ha Madhushanka på lensmannskontoret i løpet av ein halv time. Mora svara at sonen hadde teke sovemedisin, hadde hatt ei smertefull natt, og sov. Lensmannen kom då på huset for å hente sonen. Det vart vist ei skriftleg innkalling der det stod at han kunne hentast med makt om han ikkje kom frivilleg.
Politiet ringde også onsdag, før minnestunda, og gav melding om at Madhushanka var sikta i saka, og spurde om han samtykte i at sertifikatet vart inndrege.
Dårleg timing
Familien meiner politiet si timing og framferd mot ein familie i sorg er kritikkverdig. Dei manglar tillit til lensmannen som leier etterforskinga, og ber politiet finne nye etterforskarar.
- Politiet kunne ha venta til bror min var komen i jorda, seier Madhushanka Perera. Mora Padmini legg til at ho fryktar politiet vil sikte sonen for uakstamt drap, og dermed også ta den andre sonen frå henne.
Tek klagen på alvor
Politiadvokat Knut Broberg ved politikammeret seier dei tek klagen på alvor. Men det er førebels ikkje aktuelt å ta lensmannen av saka.