Hopp til innhold

«Ville ikkje lagt eit verk ein slik stad i dag»

Margot Fonn og ektemannen har send inn ei klage på asfaltverket i Førde. For dei er lukta så plagsam at det går ut over livskvaliteten.

Margot Fonn og ektemannen

PLAGER: Ekteparet seier dei får hovudverk og held seg inne eller reiser vekk når produksjonen går for fullt nokre hundre meter bak dei nede på Øyrane.

Foto: NRK

– Det er ubehageleg å trekkje pusten. Det følast farleg å trekkje pusten.

– Får de plager av det?

– Eg får svak hovudverk, men mannen min får hovudverk, seier Margot Fonn.

Ho bur saman med ektemannen på Kletten, eit bustadområdet som ligg oppe i ei li, nokre få hundre meter bortanfor og ovanfor industriområdet Øyrane, inst i Førdefjorden. NRK har prata med fleire i området, som stadfestar at lukta som kjem frå asfaltverket er plagsam.

Ute i hagen til ekteparet, fortel Fonn og mannen hennar at dei må lukke alle vindauge og halde seg inne når produksjonen går for fullt nede på verket.

– Dersom vindauga er opne, så trekkjer gasslukta seg inn i huset. Då går det ikkje an å bruke dei romma som har hatt opne vindauga.

Har fått klager på verket før

Førde Asfalt AS fekk utsleppsløyve for stasjonært asfaltverk på Øyrane i 1991. I 2005 fekk asfaltverket løyve frå fylkesmannen til å utvide frå maks 100 tonn til maks 150 tonn asfalt per time. Fylkesmannen meinte det ville gje miljøfordelar, sidan bedrifta skulle produsere like mykje, men på kortare tid.

Kommunen har sendt klaga frå Fonn og mannen til fylkesmannen. Verket har fått fleire klager tidlegare år, stadfestar rådmann i Førde, Ole John Østenstad.

Ole John Østenstad

JA: Ja, vi har fått klagar på lukt og lyd tidlegare, seier rådmann Ole John Østenstad.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Ja, vi har hatt klagar. Vi har hatt klagar på lukt, men det var kanskje først og fremst på støy som var problemstillinga den gongen. Det vart utbetra, og eg kan ikkje hugse å ha registrert nye klager knytt til det.

Han legg kommunen sitt inntrykk er at bedrifta driv etter regelverket.

Even Solheim, distriktsleiar i Veidekke AS, som driv asfaltverket, har følgjande kommentar:

– Vi steller oss til gjeldande krav i konsesjonen, og vi har jamlege revisjonar frå fylkesmannen.

– Utsleppa er tillatne

For det er fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn med aktiviteten til bedrifta. Assisterande fylkesmiljøvernsjef hjå fylkesmannen, Gøsta Hagenlund seier tilsyna syner at bedrifta driv etter regelverket.

– Den lukta som kjem av normal drift, er tillatne utslepp. Vi veit at der er enkelte som kan reagere på den normalproduksjonen under visse luftretningar.

– Normal drift gir plager: er ikkje det eit teikn på at noko bør vurderast eller målast?

– Ikkje i seg sjølv. Det er ikkje luktfritt når du køyrer forbi ei asfaltering. Det vil vere lukt frå oppvarming av den typen masse.

– Må ta omsyn til naboar

Per-Erik Schulze

TREND: Det er ein ny trend i tida at krava vert skjerpa, seier Per-Erik Schulze i Naturvernforbundet.

Foto: Naturvernforbundet

Forureiningsforskrifta slår fast at verksemder som driv asfaltproduksjon skal søke å forhindre utslepp som utset omgivnadane for sjenerande lukt.

Det krev også folkehelseinstituttet, seier Per-Erik Schulze, fagrådgjevar i Naturvernforbundet.

– Det kan også vere at naboar vert plaga sjølv om nivåa ikkje er direkte overskridne. Då seier folkehelseinstituttet at opplevde plager er noko dei må ta omsyn til, i tillegg til dei direkte grenseverdiane.

Han seier at eit asfaltverk i Kristiansund nyleg vart pålagt å gjere tiltak mot lukt.

– Der har miljøstyresmaktene gått inn og skjerpa krava både til asfaltverket og nabobedriftene. Det er ein ny trend no for tida at naboklager og ulemper for naboar skal takast omsyn til. Det finst mellom anna eit sett med EU-reglar for lukt.

– Dei må tilpasse eller flytte

Schulze jobbar med marinbiologi og forureining, og har sjølv vore på synfaring i Førde.

– Asfaltverket i Førde ligg veldig nære busetnaden. Slik som geografien i området er, ligg det ei hei der lyden og lukt og støv vil samle seg opp i ei lita dump inn mot busetnaden. Så det er klart dette er plagsamt.

– Ein ville ikkje lagt eit asfaltverk ein slik stad i dag. Spørsmålet er om dei klarar å tilpasse verksemda til miljøet og naboar eller om dei helst burde flytta ein annan stad.

–Vi vil ikkje jage bedrifta ut av Førde

Margot Fonn og ektemannen

UBRUKT: Rommet bak veggen bak ekteparet her, vert ikkje brukt lenger. Dei brukar det til lager.

Foto: NRK

Ei eventuell flytting av bedrifta er det kommunen som kan tinge gjennom. Men det er ikkje sannsynleg, seier rådmann Østenstad.

– Vi er i gang med ein områdereguleringsplan på Øyrane. Der vil nok dette verte eit tema. Men per i dag er heile området regulert til næringsformål. Og eg kan vanskeleg sjå, med dei planane vi har i dag, at vi kan flytte bedrifta.

Margot Fonn understrekar at ho ønsker næringsliv og tilflytting til Førde. Dei ikkje vil jage ut ei bedrift som gir arbeidsplassar i Førde. Men av og til føler ekteparet at lukta frå asfaltverket jagar dei ut.

– Når dei produserer asfalt og luftretninga går denne vegen, er det ikkje noko behageleg å vere ute. Då er vi helst inne, eller so reiser vi vekk.

Difor er oppfordringa frå ekteparet klar.

– Finn fram til reinsemetodar, og få dei på plass slik at det kan verte rein luft i området her ute hjå oss.