Dei tre elvane det gjeld er Aaelva og Hopselva i Hyen og Nærøydalselva i Aurland.
Stengjer folk ute
- Slik framleige stengjer folk flest ute frå store deler av elvane, seier fagleiar for fisk i Norges Jeger og Fiskeforbund, Svein Arne Forfod.
Han meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er alt for slepphendt med å gje løyve til framleige.
- Alle kan fiske
Grunneigarane reagerer sterkt på Jeger- og fiskeforbundet sin klage. Grunneigar Kurt Aa Djupvik i Aaelva seier kven som helst kan fiske i elva, viss dei bestiller tid og betalar. Han legg dessutan til at bøndene treng den attåtnæringa dei kan skaffe seg.